Klar klima-melding frå folket

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TNS Gallup har undersøkt kva veljarane meiner regjeringa må fokusera på i klimakampen og om dei vil støtte ein meir aktiv klimapolitikk. Resultata viser høge forventingar til ein klimapolitikk. Det norske folk gjev regjeringa terningkast 3,1 i klimapolitikken.

– Folk er lei av at regjeringa berre sit og tvinnar tomlar og forventar at Noreg tek ansvar. Dette er ein marsjordre til om å få hovudet ut av ræva og byrja å kutta utslepp. Nabolandet våre Sverige og Danmark kuttar utslepp, og då godtek ikkje folk at Noreg er så sidrumpa i klimakampen, seier leiar i Natur og Ungdom Ingrid Skjoldvær i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Du har større klimafotavtrykk enn du trur

Talet på folk som meiner at politikarane gjer for å avgrensa utslepp av klimagassar i Noreg:

Graf: TNS Gallup

Norske utslepp aukar
Ifølgje Statistisk Sentralbyrå har norske utslipp auka med 3,9 prosent sidan 1990 . I same periode har Sverige og Danmark høvesvis redusert sine utslipp med 24 prosent og 27 prosent. Meir olje- og gassutvinning er den største årsaka til at norske utslepp aukar.

Natur og Ungdom meiner at TNS-Gallup-undersøkinga viser at regjeringa går på mot folket ved den nylege tildelinga av oljelisensar i Barentshavet.

LES OGSÅ: Difor blir nye hus råka av flaum

Interessa går ned
I befolkninga generelt går interessa for klimasaka ned, medan klimasaka framleis uroar unge under 30 i langt større grad.

– Klimaendringane vil få store konsekvensar for heile verda, òg Noreg vil merka endringane og det er me som er unge i dag som må leva med følgjene. Det handlar om framtida vår og eg er skuffa over at dei vaksne ikkje set det å løysa klimaproblema og redda framtida til dagens unge høgare på prioriteringslista, seier Ingrid Skjoldvær leiar i Natur og Ungdom.

Ta den store klimaquizen!

Faktaboks

43 %: Noreg gjer for lite for å tilpassa seg klimaendringane
71 %: Me treng meir forsking for å tilpassa oss klimaendringar
72 %: Talet på unge under 30 år som ser lyst på framtida
50 %: Talet på unge under 30 år som ser lyst på klimaframtida
49 % av unge under 30 år er opptatt av miljøprofilen til arbeidsgivar
16 % har ikkje gjort noko for å redusera klimaavtrykket sitt

Sjå heile undersøkinga her!