Kjempa for meir demokrati for unge

Les tidlegare intervju med fleire av offera for terroren på Utøya.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anders Kristiansen (18) frå Bardu er ein av dei 69 som blei drepen på Utøya. Framtida.no snakka med han første gong i fjor haust om fråfall i vidaregåande skule, noko han kalla eit veldig stort samfunnsproblem.

Kristiansen er ein av dei som tok initiativ til å starta AUF i Bardu. Han var leiar i Ungdommens fylkesråd i Troms, og fleire skildrar han som samfunnsengasjert. Litt seinare om hausten blei han historisk, då han representerte Troms i den første Ungdommens Nasjonalforsamling. På sjølvaste Eidsvoll, der grunnlova vår blei utforma, var han med på å ta til orde for eit eige nasjonalt organ der ungdom kan bli samde om kva saker dei synst er viktige.

– Dette er den viktigaste saka. Me må sørgja for å ha eit organ som kan ta tak i alle dei andre sakene som er viktige for unge, sa Anders Kristiansen.

Vetle Wang Soleim, som blei valt til leiar for Nasjonalt ungdomspanel etter Ungdommens Nasjonalforsamling, seier dette om Anders:

– Det var han som var ein av arkitektane bak Nasjonalt ungdomspanel. Han var ein person som du ikkje gløymer. Så utruleg engasjert – og koseleg. Noreg og AUF har mista ein stor og viktig ressurs. Alle tankane går til dei nærmaste og vennane hans.

Landets yngste folkevalde
Ina R. Libak (21) er landets yngste folkevalde, som representant i Averøy kommunestyre. Ho ligg skadd på sjukehuset, skoten blant anna i kjeven og i armen, ifølgje oblad.no. Til saman blei 62 personar fysisk skadd på Utøya.

– Skal ein få fleire unge inn i politikken må ein òg ha unge førebilete i politikken. Det er ein vond sirkel der få unge førebilete gjer det vanskelegare for andre unge til også å ta steget, sa ho til Framtida.no i fjor haust.

Ho tilrådde alle unge som vil å byrja i politikken. Sjølv gjorde ho politikken til jobb – som fylkessekretær for AUF i Akershus.

Verdas nordlegaste og sterkaste AUF-lag
Viljar Hansen ligg hardt skadd på sjukehus. Framtida.no trefte Viljar Hansen då me var på reportasjetur der i vinter. Han snakka om demokrati, og at det var viktig at ungdom også fekk vera med å bestemma. Samstundes understreka han kor viktig det var at politikarane viste seg tilliten verdig.

Sjølv blei han AUF-medlem allereie som 14-åring. Då hadde han sett seg ned og lese alle partiprogramma først.

Les Der ungdom får bestemma og Styrer ungdomshuset sjølv!

Les også: Laga song til Viljar (17)

– Ver forandringa du ønskjer å sjå i verda!
Guro Vartdal Håvoll (18) frå Ørsta var aktiv på Framtida.no, og er ein av dei omkomne etter 22. juli. Ho var organisatorisk nestleiar i Møre og Romsdal AUF.

– Guro har vore veldig engasjert i AUF her i Ørsta. Det er ei jente som veldig mange kjenner. Ho var ei jente veldig mange la merke til. Hun var ikkje til å stoppa når det gjaldt politikk, og ei dyktig og ei veldig flink jente, sa Espen Andre Breivik til NRK etter fakkeltoget han arrangerte i Ørsta.

Familien vil gjerne at Guro Vartdal Håvoll blir kjent gjennom sitt yndlingssitat frå Mahatma Gandhi:
Be the change you want to see in the world.