Kjært barn har to namn

Vilde Amalie Tolo
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg vil vere kjært barn. Det kjære med meir enn berre eitt namn.

Og eg er det.

Flaks.

Eg har nemleg to.

Eg plar seie at foreldra mine var usamde. Dei hadde kvart sitt forslag og slo dei like greitt saman.

Eg veit ikkje sikkert om det stemmer, om det er ei sann historie. Det er ikkje heilt likt foreldra mine å vere såpass løysingsorienterte, med uavgjort og alt.

Men historia er litt god. Og det er vel viktigast.

 

LES OGSÅ: Island mjukar opp streng namnelov – no kan jenter heite Angelína

 

For mange med dobbeltnamn, er det andre namnet berre til for å pryde signaturpapir eller meir formelle situasjonar.

Kanskje er det eit oppkallingsnamn.

Kanskje er det aldri nokon som har brukt det andre namnet ditt.

Kanskje blir det berre brukt av foreldra dine. Gjerne når dei er sinte. Litt meir tyngde, storleik, alvor då.

Eller kanskje er det berre til pynt.

Mange moglegheiter.  Eg veit det, og eg er ikkje mot.

I Sverige er det visst til og med vanleg med mange pyntenamn. Svenskane ler ikkje av at Pippi Lotta Viktualia Rullegardin Krusmynte Efraimsdatter Langstrømpe har alt for mange namn.

Trur eg. Eg veit ikkje om det er heilt sant, det heller. Men det er litt godt. Og det var jo viktigast.

 

LES OGSÅ: Ingen vil ha namnet Vestlandsregionen

 

Eg kan skjøne at seks namn blir litt mykje å hugse og halde styr på og alt.

Men to namn burde gå. For ingen av mine er til pynt. Dessverre.

To namn, elleve bokstavar til saman, seks stavingar. Slå den. Eg vann alltid konkurransen om flest bokstavar i namnet då eg var lita.

Sjølvsagt var det slitsamt for deg med fem bokstavar, to stavingar, og berre eitt namn. Kanskje ville du òg vere kjært barn. Full forståing frå mi side.

 

Men det slår meg med jamne mellomrom. Første gong då eg var seksten. No sist i dag. Fram til eg byrja på vidaregåande hadde eg alltid hatt eitt namn, samansett av to. Dei to namna mine var eitt.

 

LES OGSÅ: Æ, Ø og Å er mindre populære i babynamn

 

Eg var Vilde Amalie. Vilde hadde alltid vore andre personar. No er det blitt meg òg.

Eg er to.

Nei, det er der du har misforstått.

Dette kjære barnet fekk jo to namn. Og saman er dei meg.

Det vart uavgjort, veit du, mellom mamma og pappa og namna.

Og uavgjort er ein fin ting. Ikkje øydelegg det. Det er eitt av argumenta, i tillegg til alt som har med respekt og høflegheit og slikt å gjere, sjølvsagt.

 

Unnskyldning akseptert. Men frå no av.