Kina skeptiske til filetert norsk laks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kinesarar skeptiske til dette

– Det har vore mange matskandalar i Kina, og befolkninga er difor svært skeptiske til ferdiggjort mat. Høyrer dei at fisken er vestleg, blir dei litt mildare, for dei veit at det er deira eigne som står bak alle matskandalane, seier Eirik Vatn Fredagsvik til Fiskeribladet Fiskaren.

Han er student ved Fiskeri- og Havbruksvitskap ved Universitetet i Tromsø og held på med ein master der han ser på moglegheitene for auka sal av laksefilet til Kina. I arbeidet sitt har han mellom anna intervjua fleire aktørar i sjømatnæringa i Shanghai.

LES OGSÅ: Usamde om faren ved oppdrettslaks 

Høgstatusfisk
Han seier at kinesarane elskar norsk laks, og at laks frå Noreg har høg status.

– Men han skal altså vera heil. Dei ønskjer å sjå auga og gjellene på fisken. Deretter skal seljaren filetera fisken, seier Fredagsvik.

Han trur den politiske situasjonen og tildelinga av Nobels Fredspris til demokratiforkjemparen Liu Xiaobo er den største bøygen for auka norsk handel med Kina, og håpar det blir gjort noko frå norsk side som kan skapa forsoning.

Om fem til ti år håpar Fredagsvik likevel at det skal vera lettare å selja filetert laks til Kina. Han skal no arbeida vidare med svara han har fått i Shanghai. Til våren reknar han med å ha klarare svar på korleis norske fiskeeksportørar kan arbeida vidare mot den kinesiske marknaden.

LES OGSÅ: No kan laksen smake gris