Kartverket skal lære robotar glattkøyring

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Automatisering og robotisering av transportsektoren er i rask utvikling. Om sjølvkøyrande system og automatiserte køyretøy skal komme i kommersiell bruk, må løysingane testast under skiftande vêrforhold, også i ekstremvêr, skriv Kartverket på nettsidene sine.

Kartverket samarbeider med den finske bedrifta Finnish Geospatial Research Institute (FGI) i eit prosjekt som blir kalla Aurora Snowbox.

Prosjektet tilbyr automatisert testkøyring på to nivå: På første nivå kan prototypar tidleg prøvast ut i testmiljø på sikra strekningar. På andre nivå kan testane gjennomførast i trafikken, dette fordi finsk lovverk alt no gjer avansert automatisering på offentlege vegar mogleg.

Test deg sjølv på etiske dilemma med sjølvstyrande bilar:

Kven må døy?