Karrieretips frå Statoil-sjefen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karrieredagane 2014, arrangert av Bindeleddet NTNU, har i år samla 140 ulike bedrifter for å skape kontakt mellom studentar ved NTNU og næringslivet. For å sparke det heile i gang var Helge Lund invitert for å halde opningsforedraget.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

– Ein veit aldri kva ein kjem til å jobbe med

Nær 500 studentar hadde forventingsfullt toga inn i auditoriet for å høyre direktøren i Statoil fortelje om korleis karrieren hans blei til.

– Det er nesten slik at eg må angre på å ikkje be om inngangspengar.

På spørsmål om korleis han kvar dag orkar å stå opp til ei ny rekkje ansvarsoppgåver, svarar Helge Lund med å sitere mora si.

– Mora mi kalla meg eit ugras. Det er litt som ei badeand: Ho kjem alltid opp att. Eg spør også: Trur eg på det vi gjer, på dit vi er på veg og på verdigrunnlaget for verksemda, seier Lund.

Han fortel at det er litt tilfeldig kvar ein endar opp, men at det viktigaste er å vere nyfiken og å utfordre seg sjølv.

– Ein treng ikkje legge detaljerte framtidsplanar. Eg prøvar å gjere det best mogleg der eg er no, og eg trur at det også gir best moglegheiter i framtida.

LES OGSÅ: – Kjempestort behov for utdanninga vår

– Ver frivillig, men med måte

Karakterpresset kan vere stort, men Statoildirektøren er klar på at prestasjonar er viktige i rekrutteringa.

– Det er absolutt eit pluss å delta i frivillige studentaktivitetar. Så lenge det ikkje går ut over studieprestasjonane.

Han presiserer likevel at dei som ikkje kan samarbeide fort fell gjennom hos Statoil. Det held ikkje å vere veldig spesialisert, om ein ikkje kan finne gode løysingar saman med andre.

– Difor leiter Statoil og andre ser etter både dei med spisskompetanse og generalistane som ser heilskapen. Ein av eigenskapane som gjer meg egna til å vere direktør for Statoil, er at eg kan integrere fleire perspektiv i avgjersler.

LES OGSÅ: – Ekstra studieår gir 10 prosent høgare lønn

Gode tal for Karrieredagen

Dei frivillige ved Karriedagen, med eller utan gode karakterar, kan likevel vera glade for eit godt oppmøte.

– Hittil har arrangementet gått over all forventing. Det har vore eit veldig bra oppmøte både i dag og i går, seier leiar Aksel Reiten for Karrieredagane 2014.

Heile 6000 personar var innom på opningsdagen av messehallen, der 140 bedrifter står på stand over to dagar.

– Det eg er mest stolt av er den gode kombinasjonen vi har fått til av bedrifter i messehallen og dei ulike arrangementa ved sida av.

Hovudvekta av bedriftene på stand rekruttar teknologi- og økonomistudentar, men Reiten fortel at Karrieredagane likevel er opptatt av å få til ei så god breidde som mogleg.

– Vi vil gjerne at fleire frå både Dragvoll og andre høgskular tek turen innom, seier Aksel Reiten.

Saka vart først publisert på Dusken.no