Kåring: Noreg er best i verda

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei måling som måler kor godt ulike land oppfyller grunnleggande menneskjelege behov, hamnar Noreg heilt øvst på lista, rett framfor mellom anna Sverige og Sveits, samt New Zealand som låg øvst i fjor. Du kan sjå dei 16 øvste på lista hos Business Insider.

Målinga tek føre seg fleire ulike kriterier, som vasskvalitet, helse, personleg fridom, personleg tryggleik og så bortetter. Av totalt 100 poeng får Noreg 88,36 poeng – ein fantastisk sum, ifølgje Social Progress Imperative (SPI), som står bak målinga.

– Noreg utkonkurrerer USA, Storbritannia, Australia og dei nordiske landa på tvers av eit breitt spekter av faktorar. Frå personleg fridom til høge nivå på tilgang til informasjon og kommunikasjonsmidlar, er det klart at Noreg leverer imponerande  sosiale framsteg til folket sitt, seier Michael Green, administrerande direktør i SPI,ifølgje Dagbladet.

Me gjorde det ikkje like godt på målinga i fjor – då hamna me på femteplass i verda, medan New Zealand låg heilt øvst. I år har me tatt eit hopp, medan New Zealand har ramla ned til femteplass.

Rett bak Noreg ligg Sverige, så Sveits. Lenger ned ser me mellom anna USA og Tyskland.

LES OGSÅ: Vestlandet er best i verda