– Karakterar tel ikkje mest for lærlingplass

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Agderforskning har spurt arbeidsgjevarar i mekanisk industri, tømrarverksemder og helsesektoren i Aust-Agder om kva dei ser etter når dei skal rekruttera nye lærlingar, skriv Forskning.no. Studien viser at det er mange andre faktorar enn karakterar arbeidsgjevarane er opptatt av.

LES OGSÅ: Isaksen vil fornye yrkesfaga

Til dømes er det å koma presis, vera blid og interessert i faget, å ha god fysikk, å kunna reia opp ei seng eller handtera ei sag faktorar skal kan telja for verksemder som er ute etter ny lærling, fortel Forskning.no.

Ola Dahl Andersen ved Fagopplæringskontoret i Hordaland sa tidlegare i haust til Framtida.no at fråværet er det første arbeidsgjevarane ser på når dei skal tilsetja lærlingar. Gymkarakter er òg ofte viktig.

LES SAKA: Kvifor går ikkje fråfallet ned?