Kåra til Noregs kulturkommune

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk Kulturforum (NOKU) kårar annakvart år «Noregs kulturkommune». I år valde NOKU i Agder Risør som kandidaten til landsdelen. Dei andre nominerte var Ål og Alta.

I grunngjevinga for kvifor NOKU Agder valde nettopp Risør som representanten til landsdelen heitte det følgjande:

«Agders kulturkommune 2015 har ein langsiktig, målretta og eigenarta satsing på kultur tufta på kvalitet og breidd. Kommunen har gjennom mange år klart å skapa/utvikla tydelege merkevarer for byen sin.

Gjennom stadutvikling, kulturvern, tett samarbeid med det private og ei tydeleg forståing av at «alle skal med» overtyder denne kommunen med knappe 7000 innbyggjarar. Byen og kommunen opplevast som både internasjonal, nasjonal, regional og lokal og kan by på seg sjølv i alle sjikt.

Dei kulturpolitiske målsettingane er sterkt forankra i både kulturlova og kulturmeldinga. Kommunen har i 2014 reetablert eit politisk kulturutval i ei tid kor mange kommunar har lagt dei ned. Byen og kommunen evnar å henta betydeleg økonomiske ressursar frå eksterne, og deler raust ut igjen til ulike føremål. Denne kommunen har òg sidan 1998 vedteke at 2 prosent av entreprisekostnadene ved offentlege nybygg skal gå til kunstnarisk utsmykking.

Denne kommunen har eit veldig godt kulturtilbod til barn- og ungdom.  Breie tilbod som både er varierte, utviklande og ambisiøse. Kvalitetsmessig gode tilbod innanfor dei aller fleste kunstdisiplinane. Dei evnar å ta vare på breidda samstundes som dei har eit målretta fokus på talentutvikling. Gode og varierte kulturarenaer og eit godt samspel mellom det offentlege og frivillige.»