Kappløp om supersolceller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mens dei mest vanlege solcellene i dag på det meste klarer å utnytte rundt 20 prosent av sollyset – som regel 10 prosent og mindre – fangar solcellepanela på Curiosity opp 40 prosent av energien. Nøkkelen er svært kostbare og sjeldne materiale.

Mens romfarten kan koste på seg rådyrt gallium-indiumsfosfid og galliomarsenid, må dei fleste elles nøye seg med silisium. Det finst det nok av, men det er mindre effektivt.

LES OGSÅ: Slik kan Noreg bruka sola meir

Billeg erstatning
Ved mikro- og nanoteknologilaboratoriet på Universitetet i Oslo (UiO) prøver forskarane no å finne ei billeg erstatning, skriv forskingsmagasinet Apollon.

Den mest lovande kandidaten er sinkoksid – sink og oksygen, som begge er blant dei mest vanlege grunnstoffa på jorda.

– Heile poenget er å finne ein ny metode som gjer at vi kan produsere solcellene i stor skala i industrien – til marknadspris og så billeg at dei blir ettertrakta både av solkraftverk og hytteeigarar, seier professor Eduard Monakhov ved Fysisk institutt på UiO.

LES OGSÅ: Kokar med sola

Eit kappløp
Målet er å lage celler som fangar opp opptil 40 prosent av solenergien, og som samtidig er berre tidelen så tjukke som silisiumsolcellene.

Monakhov fortel at laboratorium over heile verda no kjempar om å bli dei første til å lage effektive solceller av sinkoksid.

– Førstemann kan får nobelprisen. Implikasjonane er store. Den dagen dette er løyst, kan også dei nye, energisparande lyspærene bli mykje billegare, seier Monakhov. (©NPK)