Kanskje er det liv på framande planetar?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I går kom nyhenda om at eit internasjonalt forskarteam har funne sju planetar som kretsar rundt ei dvergstjerne, berre 40 lysår unna jorda.

– Dette er ganske stort, seier Maria Høegh Berdahl, aspirant ved Norsk Romsenter.

Ho trekk fram dei tre planetane som forskarane beskriv at er perfekt plassert i forhold til dvergstjerna «TRAPPIST-1» til å kunne ha flytande vatn.

– Det er absolutt mogleg at det er liv der, seier Berdahl.

Ho understrekar at det trengs meir detaljerte undersøkingar av atmosfæren på planetane før ein kan konkludere om det er vatn der eller ikkje.


Planetane med bokstavane e, f og g, kan kanskje ha ein atmosfære som gjer at det er vatn og liv der. Foto: NASA/JPL-Caltech.

Nysgjerrige på verdsrommet
Forskarane skal no ta i bruk Hubble-teleskopet for å studere planetane rundt dvergstjerna. Om nokre år skal også det nye James Webb Space Telescope bidra med å kartlegge atmosfærane på dei sju planetane.

Å sende astronautar til solsystemet er ikkje aktuelt.

– Det er jo frykteleg langt unna, og ei bemanna reise dit vil ta opp mot 2 millionar år, seier Berdahl.

28-åringen håpar likevel at oppdagingane vil gjere unge meir nysgjerrige på verdsrommet.

– Då eg var liten syntes eg det var veldig spennande å tenke på om det kunne vere liv i rommet, seier ho.

LES OGSÅ: Tesla-sjef lovar gøyal tur til Mars

Første steg
Også stipendiat Paul Tenfjord (biletet) ved Birkelandsenteret for romforsking i Bergen synest dei nye oppdagingane er spennande.

– Kanskje vil vi få svar på om det finst liv ute i universet? Denne oppdaginga er i det minste det første steget på veg mot ein slik konklusjon, skriv han i ein epost til Framtida.no

Han forklarar at sjølv om andre planetar utanfor solsystemet vårt (kalla exoplanetar) har blitt oppdaga  tidlegare, så er dette dei sålangt beste kandidatane til å finne liv på andre planetar.

Tenfjord trur at oppdaginga ikkje kunne ha kome på eit betre tidspunkt, no som James Webb Telescope skal skytast opp i 2018.

– Teknologien for å identifisere exoplanetar vert stadig betre og meir nøyaktig, og vi vil nok sjå fleire liknande pressekonferansar frå NASA framover, seier han.