Kan gå mot rekordsesong for reiselivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går mot rekordsesong i norsk reiseliv

Enno er ikkje tala for sommaren klare, men aktørar i reiselivsnæringa melder om lovande takter.

– Vi tør håpe på ein ny «all time high» for norsk reiseliv denne sommaren. Fjoråret var fantastisk, og fleire av medlemsbedriftene våre har hatt ei auka førehandsbooking denne sommaren. Desse tala stadfestar det vi har sett i undersøkinga vår, der 7 av 10 nordmenn svarte at dei planla å feriere i Noreg i sommar, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold.

LES OGSÅ: Sjå Preikestolen som om du var der sjølv

– Kan bli beste sesong
Også Fjord Norge, som er reisemålsselskap for dei fire vestlandsfylka, trur på eit godt resultat etter sommaren. Administrerande direktør Kristian Jørgensen har besøkt hotell, transportverksemder og andre bedrifter i reiselivsbransjen på Vestlandet i høgsesongen.

– Gjennomgåande melder dei om ein fantastisk sommar og gode tal. Alle eg har snakka med meiner juli kan bli ein rekordmånad, fortel han.

– Etter våre prognosar kan Vestlandet og Noreg gå mot sin beste reiselivssesong nokosinne, seier Jørgensen. Om det blir den beste kjem an på utviklinga til hausten, For ferie- og fritidsturismen ser det uansett ut til å bli eit godt år, fortel Fjord Norge-sjefen.

LES OGSÅ: Ordførarar trur på gull av gråstein

 
Preikestolen er ein av attraksjonane i Noreg som melder om svært lovande besøkstal i år Foto: Jerry Webb, Flickr Cc-commons

Fordel av svak krone
Det at den norske krona har svekt seg mot mange andre valutaar har gitt næringa god draghjelp. For mange har prisfallet vore med å omsetje reiselysta frå tanke til handling, fortel Jørgensen.

Den asiatiske marknaden er mellom dei som har auka, noko Fjord Norge-sjefen meiner skjer av to hovudgrunnar.

– Det eine er valutaaspektet. Ein ser også at middelklassen har vakse i ein del asiatiske land. Dei har gjort seg ferdige med dei første besøka i Europa, til Paris, London og Roma, og er i gang med runde to.

Til no i år ser Fjord Norge ein vekst frå den kinesiske marknaden på 90 prosent. I fjor var auken på over 80 prosent.

– Held det fram, nærmar det seg at Kina om eit par-tre år kan bli ein av dei to-tre største marknadene våre, seier Jørgensen, og legg til at det er auke også frå land som Thailand, Indonesia, Taiwan og India.

Fleire flyavgangar både frå Asia og USA har også verka positivt. I fjor opplevde Fjord Norge ein stor vekst i talet amerikanske turistar, eit nivå ein ser ut til å greie å halde oppe i år. Den europeiske marknaden er likevel framleis den største utanlandsmarknaden, og Jørgensen viser til at valutaendringane har hatt positiv effekt også her.

LES OGSÅ: – Fleire turistar vil til distrikta


Fjord Norge spår gode resultat for reiselivssommaren på Vestlandet. Turistar kjem til Flåm anten med Flåmsbana, cruiseskip eller på sykkel via rallarvegen. Foto: Aapo Haapanen, Flickr Cc-commons  

Turistar i eige land
Den flotte sommaren i fjor har lokka mange til å feriere i eige land. Den svekte krona gjer i tillegg at nordmenn som reiser til utlandet får mindre for pengane.

– Nordmenn utgjer 70 prosent av marknaden, det er viktig å halde oppe. For norske turistar er situasjonen status quo. Det er frå utlandet ein ser den kraftigaste veksten, fortel Jørgensen.

Blant reisemåla har fleire kjende attraksjonar og naturperler som Preikestolen, Trolltunga og Flåmsbana meldt om svært gode besøkstal i år. Fjord Norge ser samtidig ein tendens til at fleire turistar kjem, men på kortare opphald som dei vil gjere mest mogleg ut av.

– Konsekvensen er at ikonfokuset blir større. Turistane er ute etter topp-ti-attraksjonane, seier Jørgensen.

LES OGSÅ: Aurlandsskoen får vist seg fram

– Viktig for framtida
Med pilene peikande i rett retning er det ei kjekk tid å jobbe i næringa, meiner direktøren i Fjord Norge.

Han understrekar at vekst i reiselivet er særleg viktig i ei tid då andre tradisjonelt viktige næringar i landet er inne i ein tøff fase.

– Reiselivet er ei viktig eksportvare som vi aldri kan flytte ut av landet. Turistane legg ikkje att pengar berre i reiselivsbransjen, men i samfunnet rundt. Det er mange aktørar som tener pengar på turistane, seier han.

– Globalt skal reiselivsnæringa doble seg dei neste tjue åra. Vi har begynt å ta vår del av marknaden, seier administrerande direktør i Fjord Norge Kristian Jørgensen.


Flåmsbana runda 75 år i år, og melde om passasjerrekord i juli månad. Foto: Harvey Barrison, Flickr Cc-commons

Faktaboks

Besøkstal:

Stiftelsen Preikestolen trur besøket til Preikestolen kan bli 275.000 på årsbasis. I juli var auken på 25 prosent. I fjor var det totale besøkstalet 250.000.

Kjerag ved Lysefjorden har ein besøksauke på over 35 prosent til no i år, ifølgje Lysefjorden Utvikling.

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre melder om eit belegg på nesten 90 prosent i turistnæringa på Sunnmøre.

Flåmsbana registrerte ny rekord i juli månad, med over 198.000 passasjerar. Flåm Utvikling meiner bana kan nærme seg 750.000 passasjerar dette året.

Fjord Norge melde i juli om sju-ti prosent vekst for hotell på Vestlandet. Kviknes Hotell i Balestrand melde i juli om ein auke på over 20 prosent til då.

Kjelder: Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten, NRK.no, Sogn Avis ) (©NPK)

npk@npk.no