Kan bli verre i Catalonia

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reiser du frå det sentrale Spania til Catalonia i nordaust, vil du merka eit skilje i væremåten. Området er meir europeisk enn resten av Spania, og den negative innstillinga til Madrid er sterk.

Førsteamanuensis i spansk ved Norsk Handelshøgskule, Johannes Nymark, skriv for tida ei bok om Catalonia. No må han skriva om det siste kapittelet – han veit berre ikkje heilt korleis.

LES OGSÅ: Kva no, Catalonia?

Fire viktige år
I boka med tittelen «Draumen om Catalonia» som etter planen skal komma ut tidleg neste år, ser Nymark på den katalanske historia. I det siste kapittelet, som no ligg an til omskriving, ser han på dei fire siste åra, der viljen til å riva seg laus frå resten av Spania har auka kraftig.

Tidlegare har rundt ein tredjedel av folket i Catalonia vore for sjølvstende, men den siste tida har det tyda på at denne andelen har komme over halvparten, kanskje nær to tredjedelar av folket.

Meiningsskiftet starta i stor grad rundt 2010, ifølgje Nymark.

– I 2010 underkjende den spanske grunnlovsdomstolen dei nye autonome vedtaka det katalanske departementet hadde vedteke. Det vakte valdsame reaksjonar i Barcelona, og 10. juli 2010 demonstrerte over ein million menneskjer i gatene, fortel Nymark.

LES OGSÅ: Derfor fryktar Spania skotsk ja

Rekordmarsjen
Ifølgje Wikipedia skildra avisene i Barcelona demonstrasjonen om ein av dei største, om ikkje den største, til då. Talet vart toppa i år på den katalanske nasjonaldagen – då gjekk 1,8 millionar i gatene.

Marcus Buck ved det Arktiske Universitet seier det ikkje er nokon måte å sei at alle desse demonstrerte for sjølvstende – men det var ei sterk markering av nasjonalkjensla i Catalonia uansett.

LES OGSÅ: Språk, fotball og fridomsstrev

Spanskifisering
Grunnlovsdomstolen sitt nei til meir katalansk sjølvstyre var ikkje heile historia. I tillegg kom den dåverande spanske utdannings- og kulturministeren José Ignacio Wert på bana – han ville spanskifisera borna i Catalonia og Baskerland, eit anna område i Spania med sterk nasjonalkjensle, som ligg litt vest for Catalonia.

– Han var veldig for den storspanske nasjonalismen, som det vert kalla i Catalonia. Det er ein motsats mot nasjonalkjensla som har komme fram i Catalonia og Baskerland, med spesielt fokus på at katalansk og bastisk har fått ei så stor rolle i skulane. Tanken var å komma tilbake til ein periode der kastilliansk var dominerande.

Kastilliansk er eit anna ord for den spansken me kjenner best til i dag. Akkurat språkstriden har vore sentral i forholdet Catalonia har hatt til resten av Spania.

– Det rørte ved katalanarane, og gjorde at mange gjekk frå ei nøytral rolle til vera meir for sjøvstende. Språket er enormt viktig som identitetsmarkør for katalanarane, seier Nymark.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

Frå vondt til verre?
I dag skjer mykje av det same som skjedde for fire år sidan. Den spanske regjeringa set seg på bakbeina og motarbeider den katalanske sjølvstendekampen sterkt. No når også grunnlovsdomstolen har sagt at folkeavstemminga som er planlagt 9. november må venta, blir den katalanske motviljen mot den sentrale styringa endå sterkare.

– Opposisjonen blir klart sterkare av motviljen. Det konservative partiet i Spania har absolutt fleirtal, og kan gjera omtrent som dei vil. Blir dei sitjande ved makta kan det skje mykje rart, seier Nymark.

Han fryktar ikkje nødvendigvis vald – det er nokon i det militære som har rasla litt med sablane, men dei er i klart mindretal. Men avstanden kan bli større.

LES OGSÅ: Difor vil skottane ut av Storbritannia

Ei løysing?
– Eit scenario er at det venstre-radikale partiet i Catalonia kjem til makta. Då vil polariseringa bli endå verre. Men eg trur ikkje det vil enda med vald. Catalonia har sterke tradisjonar for å demonstrera i gatene, og situasjonen kan bli meir tilspissa. Men kor mykje, kan ikkje eg sei.

Ei løysing, forklarar Nymark, er eit maktskifte sentralt i Madrid. I dag sit Folkepartiet (PP) med absolutt fleirtal – men det trur Nymark ganske sikker vil endra seg til neste val. Då kan fleire ting skje. Til dømes kan det meir venstrevridde sosialistpartiet PSOE få større innflyting.

– Dei er i utgangspunktet villige til å diskutera grunnlova. Dei er for ein meir føderal stat, og meir sjølvstyre for dei enkelte regionane. Det kan vera ei løysing mange i Catalonia vil gå med på. Men nett no er ikkje sjansane deira til å vinna valet særleg gode. På den siste meiningsmålinga eg har sett fekk partiet 21 prosent mot 30 prosent for PP.

Nymark legg til at dersom PSOE skal komma til regjeringsmakt, må dei mest truleg gå i ei allianse.

– Alt dette kan gjera den parlamentariske situasjonen i Spania svært usikker, legg Nymark til.

 LES OGSÅ: Student-fredspris til Bahrain-aktivist