Kæ seie bonden? har blitt ein hit

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når Ylvis-brørne kan få heile verda til å lura på kva reven seier, må det vera muleg å få folk og politikarar til å bli nysgjerrige på kva bonden sier. Det er heilt avgjerande i forkant av årets jordbruksforhandlingar, seier Bente Gro M. Slettebø i Rogaland Bondelag til NRK.

Eit døger etter at videoen blei lagt ut, er han blitt vist nesten 30.000 gonger på YouTube. Så spørst det om den tar like mykje av som origialen, som no har passert 380 millionar visingar.

– Inntekt, inntekt, må gå opp! er bodskapen i filmen. For, som bøndene elles seier:

– Ost, ost, ost – kan me gje!

– Melk, melk, melk – det er så godt!

– Brød, brød, brød – me trenge korn!

Rogaland bondelag seier elles i videoen at Noreg har for lite matjord.

«Det krev mykje arbeid for å dyrka mat her. Derfor kan ikkje alle norske gardar vera store gardar», skriv dei i musikkvideoen.

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?

Listhaug: – Veldig bra video
Landbruks- og matministeren skal seinare i vår forhandla med bøndene i jordbruksforhandlingane. Fredag ettermiddag hadde ho sett musikkvideoen, og seier at bddskapen er svært kjent.

– Eg synest videoen er veldig bra, men eg har reist rundt heile Noreg no. Eg har besøkt 12 fylke og fått masse gode innspel frå bønder og andre i næringa, så dette er ting eg har høyrt før, seier Listhaug til NRK.

Kva synest du om videoen?