Julebrev frå statsminister Erna Solberg (26,8%)

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Julebrev frå Erna

Noko av det siste Erna Solberg gjorde før jul, var å halde ein pressekonferanse der ho skraut av regjeringa. Dette gjorde ho trulig for å vise at ho er akkurat som alle andre statsministrar sjølv om ho er ny. Og for at dei politiske journalistane skulle få møtast og snakke med kvarandre sidan det har blitt nesten tjue minutt sidan sist.

Noko anna av det siste Erna Solberg gjorde før jul, var å offentliggjere eit bilde av seg sjølv på facebook, der ho tek ut pengar i ein minibank. Dette gjorde ho trulig for å vise at ho er eit heilt normalt menneske sjølv om ho er statsminister.  

Det er viktig å vise at du er eit heilt normalt menneske når du er statsminister i Norge, elles får du kjeft og blir skulda for å vere fjern av dei politiske journalistane, som i minimal grad pleier omgang med heilt normale menneske.  

Det er derfor så mange statsministrar i Norge later som om dei er interesserte i sport, for eksempel, sjølv om alle forstår at for å drive det såpass langt i politikken, så må du vere nerd.  

Det neste Erna Solberg vil gjere for at det skal verke som om ho er eit heilt normalt menneske, er å sende ut eit heilt normalt julebrev til slekt og venner og veljarar for å fortelje kva som har skjedd det siste året.  

Eg har fått tak i ein kopi av brevet, naturligvis.Og for at det skal bli leselig, så har eg omsett brevet til nynorsk (Ærlig talt, denne dama skriv «hytten» i fullt alvor):

 Kjære alle saman.  Ja, så er nok eit år over. Og det har sannelig vore nok å henge fingrane i dette året også! Det skal vere sikkert og visst!! Men det er fint å ha nok å gjere. Lediggang er rota til alt vondt, er det ikkje det dei seier? 🙂  

Men no skal det bli godt å kose seg nokre dagar med julemat og julemusikk og julefilmar og mandarinar og ein del andre ting som heilt normale menneske kosar seg med i jula.  

Det har vore eit aktivt år og mykje har skjedd. I begynnelsen av året gjekk det mykje i politikk og møter, men det blei også tid til å gjere heilt normale ting som å sjå på tv og lese og gå litt.  

Så blei det vår og valkampen begynte så smått. Sjølv om det var valkamp, så blei det også tid i sommar til å gjere heilt normale sommarting som å høyre på radio og ha det ganske rotete på hytta.

Men jammen var det hektisk i valkampen! Det var talar og debattar, men også mykje snakking med heilt normale menneske.  

Og jippi! Det blei valsiger!!!! Og så var det berre å gå i gang med regjeringsforhandlingar. Det var skikkelig artig, vi budde på hotell og greier. Men det var ganske slitsamt også. Og eg måtte seie «Ingenting er klart før alt er klart» veldig mykje. Men ein må gjere det ein må gjere, er det ikkje det dei seier?? :):):)  

Eg hadde naturligvis håpa at så mange som mulig av dei små partia skulle bli med i regjeringa, slik at dei kunne gjere alle dei dumme tinga og komme i avisa, medan eg sa minst mulig og tok bilde av meg sjølv medan eg gjorde normale ting som å vere interessert i sport og ta ut pengar i minibanken.  

Dessverre var det berre eitt av dei små partia som blei med. Men men, det kjem år etter dette, er det ikkje det dei seier? :):):):)

Elles er det nok å gjere som statsminister. Det er mykje møte og konferansar og handhelsing. Og så mange spørsmål! Og eg måtte sjå heile cupfinalen i fotball, sjølv om ikkje Brann spelte. Ja, ja. Alt blir vel ein vane, er det ikkje det dei seier? :):)

 Så det var nokre ord om året som har gått.  

God jul til alle saman.  

No kallar pliktene.  

Julematen lagar seg ikkje sjølv, er det ikkje det dei seier? :):):):):):)

Fyrst publisert i Aftenposten