Jublar for olje-nei på landsmøtet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

"Senterungdommen går imot oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen. Dette er svært sårbare naturområder, som bør skjermast for slike inngrep". Dette vedtok landsmøtet til Senterungdommen laurdag ettermiddag.

Senterungdommen går også inn for ein meir restriktiv utdeling av nye konsesjonar for leiting og utvinning og ein reduksjon i utvinningstempoet på norsk sokkel.

Nederlag for leiinga
Det betyr at fleirtallet i sentralstyret ikkje fekk mjuka opp oljepolitikken til ungdomspartiet.

Natur og Ungdom og Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja meiner vedtaket er tydeleg signal til leiar Sandra Borch og fleirtalet i sentralstyret. Organisasjonane gler seg over utfallet og forventar sentralstyret no følgjer landsmøtevedtaket og løftar saka fram mot neste år stortingsvalg, slik at områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja blir skjerma mot oljeboring. 

– Først og fremst vil eg gratulere Senterungdommen med eit veldig bra og klokt vedtak! Det er heilt klart at denne saka engasjerte medlemmane i Senterungdommen og det er fantastisk at dei no er med på å sikre oljefrie havområde utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, seier Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom. 

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

– Set fornybare arbeidsplassar først
– Oljetilhengarane i Senterungdommen klarte ikkje å flytta ungdomspartiet i denne saka. Det sa eit tydeleg landsmøte absolutt nei til. Her har Senterungdommen sett miljø og fornybare arbeidsplassar først, seier Vågard Erdahl Nyaas, nestleiar i Folkeaksjonen. 

I likskap med Natur og Ungdom håpar Folkeaksjonen at Senterungdommen no blir ei tydeleg stemme mot oljeboring i debatten. 

Leiaren i Natur og ungdom var sjølv tilstades på landsmøtet til Senterungdommen fredag kveld. Ho brukte helsingstalen sin utelukkande til å snakka om oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Lundberg har stor tru på at desse havområda ikkje blir for opna oljeboring etter stortingsvalget neste år.

Borch attvald
Sandra Borch blei vald til leiar for Senterungdommen med 116 av 157 stemmer. 35 stemte blankt, medan seks delegatar stemde i protest på Kåre Gunnar Fløysand. Han var mellom dei som reagerte sterkt på Borch si meir oljevennlege linje.

– Eg takkar for tillitten, det er ei ære å få leia dette laget. I år er det eit veldig bra sentralstyre, og eg kan knapt venta med å koma igong, seier Borch i ei pressemelding.

Landsmøtet gjekk òg inn for å halda på kontantstøtta, i strid med forslaget til programkomiteen om å fjerna denne, ifølgje Nationen.