Jublar for Framtida

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

På lanseringsdagen kan du lesa om nasjonalforsamlinga for unge som startar til hausten, aukande forskjellar i skulen og korleis du kan finna favorittboka di.

– Eitt av måla våre er å vera ein viktig arena for engasjementet til unge, og sjå nyhende frå ein ung synsvinkel. Eit anna mål er å auka valdeltakinga blant unge ved valet, og styrkja nynorsken, seier prosjektleiar for Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

Brukaraktivitet
Det er lagt opp til stor grad av brukaraktivitet på Framtida.no, til dømes skrive- og fotokonkurransar, debattar, bloggar med meir. Fem lokalaviser, Dag og Tid, lnk.no og Magasinett leverer stoff frå starten. I tillegg er 15 unge og engasjerte kommentatorar frå heile landet knyta til Framtida.no. Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet.

DELTA DU ÒG!

Dei som står bak nettstaden er ABC Startsida, Landslaget for lokalaviser, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Mot til å meina, Magasinett og Pirion.

– LNK har lenge sakna ein nettstad som denne, og trur Framtida.no vil bli ein viktig treffplass for brukarar i dei 120 medlemskommunane våre og for ungdom over heile landet, seier Vidar Høviskeland, leiar i LNK.

Landet rundt
– Landslaget for lokalaviser (LLA) ser på Framtida.no som ein ny og spennande arena for debatt og samfunnsengasjement. Vi i LLA og lokalavisene er opptatt av nettopp dette i lokalsamfunna landet rundt, og vi gler oss over alle tiltak som vil styrka ungdomen sitt engasjement for små og store saker. Framtida.no vil venteleg bli eit friskt supplement til lokalavisene sjølve, seier Geir K. Hus i LLA.

– Det er viktig med ein nyhendearena som tar unge sine spørsmål og unge sine synspunkt på alvor ut over det som gjeld dei direkte sjølv, seier Einar Schibevaag, prosjektleiar for Mot til å meina-prosjektet.

Framtida.no opna offisielt klokka 12 onsdag 1. september.