Journalisten fryktar for livet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet var først hos Bømlo-nytt

Dei kom hit frå Albania fordi familiemedlemmane er blitt truga på livet – kvar for seg. Eit lite flatterande møte mellom politikarar med politiet til vern, og borgarar i Tirana er vist på TV.

Korrupsjonen er omfattande og politiet er som ein hær, kun til hjelp for politikarane når dei tek seg til rette rundt om.

Genci Angjellari er TV-journalist, ektemann og pappa. Han har blitt truga på livet, fortel han. No har dei søkt asyl hos oss.

– Å vera journalist i Albania er ingen sundagskule, ifølgje Angjellari. Det er heller ikkje nokon kjære mor for vanlege borgarar, ser me av opptak på TV Argon. 

Dei som vil, kan sjølv sjekka på TV Argon Channel. 

Angjellari har hatt arbeidet sitt i denne kanalen og har dokumentert overgrep mot folk i gata. Der tek politikarar seg til rette med ein heil liten hær av politifolk til å passa på seg. Slik gjer politiet ein god jobb, medan dei skubbar, trugar og sleper folk bort frå politikarane. Eldre folk vert velta over ende, ei eldre kvinne vert dytta baklengs ned ei trapp om må hentast av ambulanse, medan den same øvrigheita står roleg og ser på at folk hjelper kvarandre på beina att. Denne gongen var det ein politikar som ville ha eit bygg, som ikkje var hans. 

Journalisten spurde etter dokument på at han hadde rett til dette, det fekk han ikkje svar på. Helseministeren i landet er blitt avslørt for privat handel med, mellom anna, blod frå sjukehusa sine blodbankar. Dette og fleire avsløringar av samrøre mellom politi, styresmakter og mafia, har gjort det heitt for Angjellari og familien hans i heimlandet Albania, fortel han til Bømlo-nytt.

LES OGSÅ: Difor vinn alltid penn over våpen

Trugsmål
– På vegen heim vart eg dregen ned i ei kjellartrapp av to maskerte menn. Med ein kniv mot strupa mi, gav dei beskjed om at eg la meg ut med feil folk, fortel Angjellari. Han spurde kven dei var. Men dei hadde ikkje jo masker for ingenting. 

– Seinare vart kona mi stoppa av to motorsyklistar. Ho kom ut frå heimen med den fire månader gamle dottera vår i vogna, fortel han vidare. 

– Deretter gjekk eg til politistasjonen og bad om vern for meg og familien min. Der lente dei seg tilbake og gav klår melding om at slikt hadde dei ikkje kapasitet til. Han fekk hjelpa seg sjølv. Då bestilte me billettar til Noreg og reiste med det same. Frå slekt og vener, frå godt betalte jobbar og ein god bustad i Tirana. Eg har kontakt med kollegaer rundt om, fortel Angjellari vidare. Frå Sverige fekk eg vita at det hadde komme spørsmål om eg var der. Kven som spurde veit me ikkje.  

LES OGSÅ: Afghansk pass gir minst reisefridom

Vanskeleg for journalistar i Albania
Frå heimlandet har Angjellari sett nyhende om at tre av kollegaane hans er blitt skotne på av folk på motorsykkel. I dag veit han ingenting om desse. Kor dei er eller om dei framleis lever. 

– Dei er svært sofistikerte, seier han. Folk dei ynskjer knebla, kan lett bli utsette for ei ulukke. 

Før Angjellari reiste frå landet vart ein medieeigar/redaktør i landet skoten med seks skot på veg ut av ein bank. Mannen hadde fleire kritiske rapportar klare for sending. Han vart drepen medan overvakingskamerat gjekk. Opptaket vart sendt på fleire TV-kanalar i landet. 

Dette skjedde i juli i fjor, samstundes som styresmaktene stengte fleire kanalar som sender satireprogram, fortel den albanske journalisten.

LES OGSÅ: Ytringsfridom for alle?

Har fått advokat
– No er det slik at NOAS (Norsk organisasjon for asylsøkjarar) og andre hjelpeorganisasjonar hjelper flyktningar i fyrste omgang. Dersom søkjaren får opphald etter fyrste runde, får dei ikkje nemnd opp advokat. Det får dei fyrst ved eit avslag. Familien til Angjellari har no fått eit slikt avslag, og dermed advokat, fortel advokat Odd Martin Helleland, i Advokatfelleskapet SWAN DA.

Han er no utnemnd som advokat for familien. 

– Dei som får avslag, vert ikkje vurderte til å stetta krava lova set for å få vern i Noreg. No har me sendt ei klage på vedtaket og ventar på svar frå utlendingsnemnda. I Kap 4. §28 i Utlendingslova står det mellom anna at lova stiller krav til vurderinga av om søkjarane treng vern på grunn av velgrunna forfølging som følgje av etnisitet, stammeopphav, hudfarge, religion, nasjonalitet, medlemskap i einskilde sosiale grupper, seksuell legning eller politisk ståstad. Desse krava må vera oppfylte før søkjarane får rett til å kalla seg flyktning.

LES OGSÅ: Ytringsfridom i praksis

Albansk journalist i Sverige
For om lag fire år sidan flykta ein annan albansk journalist. Han fòr til Sverige og søkte asyl der. Lokalavisa Sundsvall Tidning, skreiv om mannen og familien hans. 

Deretter kom eit nytt trugsmål frå ein faks i Albania. Denne gongen var det medarbeidaren i lokalavisa som vart truga. 

«Eg trur sjølv du har familie. Pass betre på familien, for me er overalt …» 

Bømlo-nytt har vore i kontakt med journalist Malin Elfving i Sundsvalls Tidning. Ho fortel at verken avisa eller den aktuelle journalisten deira vart råka på anna vis. Men den albanske journalisten sin toårige son fekk eit ublidt møte med ein bil då han leika på ein plen der. 

– Sjåføren i bilen snakka albansk, fortel den svenske lokalavisjournalisten. Barnet vart ikkje alvorleg skadd. Seinare fekk han og familien hans ny identitet i Sverige, og bur no på ukjend adresse.

LES OGSÅ: Over 45 millionar på flukt