– Jordbruket i ferd med å kollapsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Frå 1969 til 2009 blei mellom 75 og 94 prosent av bruka i dei fleste ytre kystkommunane på Vestlandet lagt ned. Det er enormt, seier landskapsgeograf Oskar Puschmann ved Norsk institutt for skog og landskap til Nynorsk pressekontor.

Han er også ein ivrig fotograf og har i mange år reist rundt i Noreg med kamera og dokumentert korleis landsskapet endrar seg når gardsbruka ikkje lenger er i drift. Det har så langt resultert i ei vandreutstilling, ei bok og nettstaden «Tilbakeblikk – norske landskap i endring».

Verst i Hordaland og Sogn og Fjordane
Kollegaen hans, Yngve Rekdal, som er seksjonsleiar ved Institutt for skog og landskap, har farta rundt i Noreg i over 30 år og ser dei same endringane. Han meiner utviklinga dei siste ti åra i Sør-Noreg er særleg urovekkjande for Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Hordaland og Sogn og Fjordane har hatt det største tapet av dyrka marka dei ti siste åra. I Sogn og Fjordane er tapet på 10 prosent, medan Hordaland har mist 20 prosent av det totale arealet av fulldyrka jord. Det er svært mykje. I fleire kommunar er det ikkje ei einaste ku igjen, seier Rekdal.

LES OGSÅ: Minkande matjord skal fø på fleire

I andre landsdelar er ikkje utviklinga like dramatisk dei siste 10-åra, fordi dei har hatt ein stor nedgang i talet på gardsbruk tidlegare.

– Vi driv og analyserer Aust-Agder og Telemark no. Nedgangen ser her ut til å ha stagnert noko, fordi det er lagt ned så mykje før, seier Puschmann.

Store delar av Nord-Noreg har også vore gjennom prosessen med massenedlegging av gardsbruk.

Mindre eng og åker
Sjølv om talet på gardsbruk på kysten har gått dramatisk tilbake, er likevel omfanget av jordbruksareal i Noreg om lag det same.

– Grunnen er at innmarksbeite sidan 1990-talet har blitt definert som jordbruksareal i drift og gjeve støtte til. Vi har hatt ein stor nedgang i eng og åker, men totalarealet har halde seg fordi det har vore ein stor auke i innmarksbeite, forklarer Puschmann.

– I dei indre bygdene i Hardanger er det til dømes meir stabilt, medan det er store strukturendringar på kysten og i dei ytre fjordbygdene.

LES OGSÅ: Kan tredobla inntekta på sau

Med fotograferinga si har Puschmann dokumentert at nedleggingane får store konsekvensar for kulturlandskapet.

Han peikar på at attgroing er eit problem både i høve til trivsel, biologisk mangfald, landsskapsuttrykk og for næringar som reiselivet.

Skilnad på eigd og leigd
At eit gardsbruk blir lagt ned, betyr likevel ikkje at alt gror igjen.

– Til no har det som regel vore att minst ein aktiv nabo som kan leiga jorda til den som vel å leggja ned. Men det vi ofte ser er at dei nye leigetakarane legg brakk rundt 30 prosent av den jorda eigaren sjølv heldt i hevd.

– Det blir drive det vi kan kalle eggeplommeslått. Det vil seia at ein berre tek i bruk den mest lettdrivne jorda Det er forståeleg, men det er problematisk fordi det gjev mykje brakklagt areal. Det er òg eit problem at det mange stader berre er ein brukar igjen i heile grenda. Når han eller ho gjev seg, er det ofte ingen att til å ta over leigeareala. Dermed blir i praksis heile grenda lagt ned på ein gong. Det ser vi etter kvart på stadig fleire stader, seier Puschmann.

– Treng nivådelt støtte
Dei to forskarane meiner det er viktig å ha støtteordningar som er tilpassa ulike deler av landet.

– Når landbruksmeldinga seier vi skal ha eit levande landbruk over heile landet, må vi også ha ordningar som er tilpassa dei geografiske tilhøva i ulike delar av landet. Alle bruk i Noreg kan ikkje bli på 500 dekar eller meir, seier Puschmann.

LES OGSÅ: Nytt nettverk vil fornya landbruket

Han synest det har blitt fokusert lite på kva som ligg til grunn for den store skilnaden på store og små gardar i Noreg.

– Viss det heile tida er ein galopp for å bli større og større for å overleva som gardbrukar, er det greitt nok på flatbygdene på Austlandet, der bøndene kan ha tilgang på fleire tusen dekar innanfor kort køyreveg. Skal du derimot driva meir enn 300 dekar i dei fleste kyststrøk, betyr det at du nærast må køyra deg i hel på traktor mellom små åkerlappar.

Etterlyser debatt
Puschmann og Rekdal trur ikkje at det er mogleg å stoppa nedlegginga av gardsbruk i Noreg slik tilhøva er i dag.

– Mange av dei som vart bønder i den grøne bølgja og etter opptrappingsvedtaket i landbruket i 1976, står no for tur til å pensjonera seg. Mange av desse har ikkje nokon som vil driva gardane etter seg.

– Rekruttering er ei stor utfordring. Om ikkje så mange år er vi nede på 30.000 bruk, spår Rekdal.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Puschmann saknar ein debatt om kvar smertegrensa skal gå.

– Eg meiner vi manglar den regionale analysen om kvar smertegrensa går for kor mange bruk vi skal ha for å oppretthalda ønskt matproduksjon, fagmiljø og levande bygder. Det nyttar ikkje å snakka om talet på gardsbruk på landsbasis. Vi må sjå på det landskapsmessig og regionalt

i høve til den skalaen som er naturleg innanfor dei ulike landskapstypane. Kor mange bruk må det til dømes vera på kysten av Vestlandet for å vera innanfor omgrepet berekraftig? Ein kan sjølvsagt enda opp med å ha ingenting, men spørsmålet er kva som er ønskjeleg, seier Oskar Puschmann. (©NPK)

Kva meiner du bør gjerast for å hindra den store nedlegginga av gardsbruk i Noreg?