Jobbar frivillig i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er middagstid på Sveio omsorgssenter og Janušonytė brukar tida på å rydda på plass høgtalarane etter ein konsert. Veterinæren frå Litauen tok turen til Sveio etter å ha hatt erfaring som frivillig i heimbyen, Kaunas.

– Eg sette stor pris på opplevingane eg hadde der. Denne gongen ville eg prøva noko nytt utanfor heimbyen min, smilar 26-åringen.

Jobbar med eldre
For tida er behandling av små og store dyr lagt på hylla for å oppleva arbeidslivet i Sveio. Å jobba med eldre var noko av det som trekte volontøren mot Noreg.

–  I Litauen har eg jobba med å læra eldre engelsk.

Saman med to andre frivillige frå Europa bur og arbeider Janušonytė  i Sveio. I Noreg nyt ho det landlege livet før ho skal venda heim til storbyen Kaunas i juni.

– Dette er eit lite land, og alle har vore hyggelege. Heime bur eg i ein storby der folk flest har det travelt. Her er ting litt roleg-are.

Når ho ikkje held til på omsorgssenteret er Janušonytė å finna i barnehagen.

– Det er litt kjekt for det er nokre born som snakkar litauisk. Då kan eg læra dei nokre nye ord frå mitt eige språk, smiler volontøren. Å bu nær naturen er noko storbykvinna har sett pris på heilt sidan innflyginga på Karmøy i september.

– Det kjentes som at me landa i eit postkort. Det er veldig vakkert her.

Spansklærar
Vel ein kilometer frå omsorgssenteret er Pablo Trescastro med som assistent under gymtimen ved Sveio skule. Medan elevane øver seg på å slå hjul tar spanjolen seg tid til ein prat med Vestavind. Filosofilæraren trivs godt med å jobba i den norske skulen.

– Eg er mest med i gym- og spansktimane. Det er der eg kan gjera mest nytte. Det verkar som elevane sett pris på at det er ein spansktalande person i timane, seier Trescastro.

Etter å ha utdanna seg kom han over volontørprogramma til EU, og fekk auga opp for Sveio-prosjektet ”Volunteer for a warmer society”.

– Det er interessant å oppleva skulesystemet i eit anna land. Noreg er eit lite land med høge karakterar blant elevane i skulealder.

Fortida jobbar han på Sveio skule, Steinhaugvegen og på ungdomsklubben House of Fun. Saman med dei to andre bur han i hybel oppe ved golfbana med kort veg til jobben.

– Det er veldig trygt her. Om ein sett frå seg sykkelen ulåst er det ingen som tar den.

Kulturarbeidar
Ved ein pult inne på kommunehuset sitt Myriam Vlot framfor PC-en og jobbar med nettsida til Fartein Valen. Med fransk som morsmål har 23-åringen fått i oppgåva å omsetja tekstane frå nettsida til fransk.

– Me skal også jobba på festivalen i april, seier Vlot.

Volt utdanna seg nyleg til å bli grafisk designar. Etter studia ville ho nytta høve til å reisa til eit anna land.

– Eg hadde tenkt å studera i utlandet da eg tok utdanning, men det blei ikkje til. Gjennom volontørprogrammet fekk eg høve til å dra til utlandet for eit år. Eg ville prøve noko nytt og likte godt at me i Sveio fekk jobba innanfor mange ulike felt.

Når ho ikkje jobbar i kulturavdelinga på kommunehuset er ho på Sveio Skule i 6. Klasse.

–  I Frankrike er skulen strengare. Det er meir disiplin. Her er barna meir sjølvstendige. Det trur eg kan vera ein bra ting. Dei lærer mykje på eiga hand.

Saman med dei to medvolontørane skal Vlot vera med å velja ut nye frivillige til neste periode.

– Det er ikkje me som bestemmer, men me er med og gi råd i prosessen.

LES SAKA I VESTAVIND!