Jamt løp om framtida til pelsnæringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kappløpet om pelsnæringa

Same dagen som pelsdyrutvalet la fram utgreiinga som tek til orde for framleis oppdrett – rykte seks stortingsrepresentantar frå Høgre ut med beskjed om at dei vil arbeida for at Høgre vedtek å leggja ned pelsnæringa.

– Det betyr at det no manglar sju stemmer på å danna fleirtal mot pelsdyroppdrett, når vi tek med stemmene frå Arbeidarpartiet, Venstre, SV og oss, seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne til NTB.

Konklusjonen hans er at det er så delte meiningar både i Høgre og Framstegspartiet, at eit fleirtal mot pelsdyroppdrett no er sannsynleg.

LES OGSÅ: Listhaug reagerer på pelsdyrdokumentar

Grensa nådd
I ein kronikk på NRK Ytring skriv dei seks frå Høgre at næringa har fått mange sjansar til å rydda opp og syta for god dyrevelferd.

– Det er ei grense for kor mange gonger ein kan bli teken for den same kritikkverdige praksisen, lova bot og betring, for så ikkje å gjera forbetringar. Tolmodet med bransjen er i ferd med å ta slutt i folket. Det gjeld også oss, skriv Stefan Heggelund, Henrik Asheim, Heidi Nordby Lunde, Erik Skutle, Per Christian Frølich og Bente Stein Mathisen.

Dei viser til at Høgre ikkje har programfesta standpunkt om pelsdyrnæringa, noko som gjer debatten framover så viktig.

– Vi vil arbeida for at Høgre går inn for styrt avvikling, konkluderer dei seks.

LES OGSÅ: Utval splitta om pelsdyrnæringa

Styrkt syn
Sjølv om eit fleirtal av pelsdyrutvalet går inn for framleis drift, seier næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Knut Storberget at utgreiinga tvert om styrkjer standpunktet til partiet om styrt avvikling:

– Det er eit svært skjørt fleirtal. Atterhalda er mange, også blant dei som utgjer fleirtalet. Utvalet klarar ikkje å godtgjera at det er mogleg å ta vare på dyrevelferda i denne bransjen, seier han til NTB.

Venstre, SV og MDG held også fast på standpunkta sine mot pelsdyroppdrett, og legg tilsvarande argument til grunn som Ap.

– Vi må leggja vekt på vurderingane til utvalet vel så mykje som konklusjonane, seier Venstres Sveinung Rotevatn til NTB.

LES OGSÅ: Reagerer på NRK-dokumentar

Gruppa avgjer
Parlamentariske leiar i Høgre Trond Helleland seier til NTB at det er for tidleg å konkludera med kva standpunktet til stortingsgruppa blir.

– Vi har ikkje teke stilling. Meiningane om pelsdyroppdrett er delte i Høgre, seier Helleland.

Statsminister Erna Solberg (H) er blant skeptikarane. Ho har mellom anna uttalt at pels er best på dyra.

Helleland seier at praksisen i Høgre er at stortingsgruppa avgjer om representantane skal stillast fritt eller om Høgre stemmer samla når ei sak kjem til behandling i Stortinget. Kva som blir utfallet av pelsdebatten er det for tidleg å seia noko om.

LES OGSÅ: Rekordmange nye pelsoppdrettarar

KrF vil lytta
Rasmus Hansson seier at sju stemmer for nedlegging både kan koma frå Høgre «som er nøydde til å gå seg ein tur», Framstegspartiet «som er for dyrevelferd» eller frå KrF – som måndag ikkje ville seia kor partiet kjem til å enda.

– Vi har programfesta at vi er for ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa. Det står fast. Men no må vi få lov til å bruka tid på å lesa denne rapporten grundig, og deretter lytta til det som måtte koma i høyringsrunden. Så skal vi trekkje den endelege konklusjonen vår, seier KrFs stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide til NTB. (©NPK)