Italienar med norske strengar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er eit kjent faktum at den norske svartmetallmusikken har mange italienske fans, men denne italienaren finn glede i dei norskaste norske musikalske røtene.

– For oss frå Syden let det kjempeeksotisk. Ein kan høyra Norden og fjordane, kjenne dei mørke dalane og skogane. Ein skjønar mykje om norsk kultur berre ved å høyre på hardingfela, seier Enrico Osti entusiastisk – på norsk.

Han snakkar om lyden av violino di Hardanger, som det heiter på italiensk.

LES OGSÅ: – Ein heilt alminneleg hobby

Frå svenske kjøtbollar til norske tonar
Allereie som 9-åring vart han interessert i Sverige etter å ha smakt kjøttbollar, som ei venninne av mora hadde laga. Han byrja etter kvart å lære seg språket via enkle hjelpemiddel, utan å vitja Sverige.

Tilfeldigheiter ville ha det til at han snubla over ein Youtube-video der Annbjørg Lien spelte hardingfele.

– Eg tenkte: Herregud, så flott, minnast Enrico, som aldri hadde høyrt liknande.

Musikken gav meirsmak. Han kontakta ein brukar som hadde lagt ut hardingfelespel på Youtube. Slik fekk han høyre om Strunkeveko – ein sommarleir i Valdres med kurs i folkemusikk og -dans.

LES OGSÅ: – Hardingfele er balsam

Sekkepipe og svensk nøkkelharpe
Framtida.no møter italienaren når han deltek på Strunkeveko for femte gong. Her lærer han å spela  hardingfele av dei beste. I år er mellom anna fem gonger Landskappleikvinnar Jan Beitohaugen Granli lærar.

Enrico drøymer om å ein dag bli god nok til å lære vekk den norske hardingfelemusikken til italienarar.

Musikksjangeren er både utfordrande og spanande, for det går ikkje etter noter og dei lokale spelevariantane er mange.

24-åringen kjem frå universitetsbyen Bologna i Italia – der han framleis er busett og studerer musikk. Han har diplom i fiolin og vil no fordjupe seg i bratsj – i tillegg til å lære meir hardingfele.

Heimbyen har sterke tradisjonar for folkemusikk frå ulike delar av verda, der kan ein lære albansk, eller gresk folkemusikk, skotsk sekkepipe – ja det finst til og med ein italiensk lærar i svensk nøkkelharpe.

Enrico sjølv vurderte å kjøpe seg eit slikt svensk instrument, før han fann fela si.

– Men hardingfela er heilt ukjent i Italia, fortel Enrico, som gjerne vil gjere noko med det.

Han har allereie hatt spelejobb for det norske konsulatet i Bologna, men måtte diverre takke nei då han vart spurt av ambassaden i Roma. Han trur likevel ikkje at siste spelejobb er gjort.

LES OGSÅ: Italiensk vri ved breen

Frå snobbete til folkeleg
I tillegg til mange Noregsbesøk, har italienaren òg fått vitja Sverige. Frå å snakke svensk fyrste gong han kom til Valdres, har han gått over til norsk. Han har òg vurdert utveksling i Noreg.

– Eg er ikkje interessert i Sverige lenger, no føretrekk eg Noreg, seier den ekte italienske Noregsvenen, som avslørar at folkemusikkmiljøet er noko litt anna enn det klassiske miljøet han kjem frå.

Der er det ikkje vanleg at konkurrentar etter dyst drikk øl saman og gratulerer kvarandre.

– Det er litt meir…

Enrico held fingeren på nasa og trykker ho opp.

– …snobbete.

Faktaboks

Hardingfele

• Er eit særnorsk fiolininstrument med fire overstrengar og fire eller fem medklingande strengar som går fritt under gripebrettet

• Liknar europeisk fiolin, men har meir kvelv på lokk og botn, samt kortare hals

• Kan stemmast på om lag 30 ulike måtar

• Vart truleg utforma på 1600-tallet, som ei samansmelting av eldre norske strenginstrument og internasjonale instrument

• Eldste kjente eksemplar er truleg laga av O. J. Jaastad frå Ullensvang i 1651

• Spreidde seg gradvis til resten av landet og nådde truleg Hallingdal og Valdres på 1800-talet

Kjelde: SNL