– Italia fell frå kvarandre

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mario Monti heldt ein tale til ei gruppe studentar i byen Arezzo på sundag, og appellerte der til å "ikkje å gje opp," sjølv om økonomien skrumpar og arbeidsløysa veks.

– Landet er merka av store sosiale spenningar, sa han ifølgje Reuters.

LES OGSÅ: – Noreg er verre enn Hellas

Monti bad difor om at italienarane syner medkjensle for andre borgarar.

– Det er uunngåeleg at sosial utryggleik og at utryggleik om arbeid utløyser ei kjensle av liding, og det er fleire teikn på at samhaldet i samfunnet har lidd skade.

Dei seinaste vekene har italienske medium rapportert om ei rekke sjølvmord, spesielt for gjeldstynga næringsdrivande, og skattevesenet Equitalia har fått ei rekkje brevbomber og fått bygga sine treft av bensinbomber.

LES OGSÅ: Fleire lovar Robin Hood-skatt

Den valdelege reaksjonen kjem etter omfattande offentlege kutt og auka skattar til 24 milliardar euro (nestan 180 milliardar kronar), i ein freistnad på å rette opp økonomien til landet, der særleg den store statsgjelda er sentral.

Populariteten han fekk dei i dei første månadene etter at han erstatta Silvio Berlusconi i november har vorte til sinne, og dei partia som lova støytte har vorte meir og meir kritiske. 38 prosent meiner no at han gjer ein god jobb, nær halvert frå 71 prosent i november.

Faktaboks

Mario Monti, fødd 19. mars 1943, er ein italiensk økonom, politikar og tidlegare EU-kommissær som blei statminister i Italia 16. november 2011. Han er òg livstidssenator i Det italienske senatet.
Monti er utdanna økonom fra Bocconiuniversitetet i Milano, og studerte vidare ved Yale University under nobelprisvinnaren James Tobin. I 1971 blei han tilsett som professor ved Bocconiuniversitetet, og i 1989 vart han rektor. Frå 1995 til 2004 sat Monti som EU-kommissær. Monti er rekna som ein forkjempar for den frie marknaden og kutting i offentlege utgifter, og er mellom anna kjend for arbeidet med å definera europeiske og internasjonale antitrust-standarder. I 2001 forhindra han fusjonen mellom General Electric og Honeywell. Har har også sett i gang ein prosess mot den monopolaktige stillinga til Microsoft.
13. november 2011 ble Monti beden om å danne ei ny regjering i Italia etter at Silvio Berlusconi trekte seg som statsminister. Han gjekk inn i stillinga 16. november 2011.
Kjelde: Wikipedia.