It-studentar krev pc på eksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den einaste gongen studentane ikkje programmerar på datamaskin i undervisinga er ved eksamen. Då må dei bruke penn og papir. Det har dei sett seg leie på no.

– Det blir vanskeleg å prestere godt og vise kva me kan når eksamensforma ligg så langt unna ein normal arbeidssituasjon, seier Beate Baier Biribakken.

Ho er representant for linjeforeninga for Informatikk ved NTNU, Online, og hovedpådrivar for kampanjen. Så langt har over 400 personar skrive under på kravet om at studentar skal få nytte datamaskiner på programmeringseksamenar.

– Me vil vise at det er eit behov for pc på eksamen slik at styresmaktene kan setje i gong arbeidet med å finne praktiske løysingar for å kunne gjennomføre det, seier ho.

Dyrt tiltak
Det langsiktige målet er at alle skal få moglegheit til å nytte pc på eksamen ein gong i framtida, men Biribakken trur ikkje dette vil skje med det fyrste.

– Pc er framtida, men for å komme dit må me byrje ein plass, og då er programmeringseksamen det naturlege startpunktet, seier ho.

Det skal i fylgje Biribakken ikkje handle om å ha tilgang til avanserte program som fungerer som ekstra hjelpemidler, men enkle tekstredigeringsprogram.

– I programmering handlar alt om struktur. Skriv ein eksamen i norsk eller noko anna vil teksten framleis gje meining om to avsnitt er bytte om, men i programmering kan det føre til at heile koden er ubrukeleg, seier ho.

Ho meiner det er realistisk at dette skal vere eit tilbod for alle innan fem-ti år.

– Det er ingen tvil om at dette vil koste, men dei har det allereie i den vidaregåande skulen. Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal vere eit tilbod i høgare utdanning også, seier Biribakken.

Utfordrande gjennomføring
Biribakken har vore i kontakt med både linjeforeininga og fagmiljøet på NTNU for å få innspel til korleis det kan gjennomførast i praksis. Så langt har tilbakemeldingane vore positive.

– Alle er einige om at det er eit positivt tiltak, men det er ikkje klart korleis dette kan løysast på best mogleg måte ennå. Det må vere ei løysing som fungerer for alle, og som avverger juks, seier ho.

Universiteta i Agder og Bergen har satt i gang prosjekt som gjev studentane deira lov til å bruke pc. Biribakken vil bruke erfaringane deira som eit utgangspunkt.

– Systemet skal fungere slik at studenten ikkje har tilgang til eigne filer, internett eller andre funksjonar som kunne gitt dei tilgang til ulovlege hjelpemiddel, seier ho.

Ein sped start
Prorektor for udanning og læringskvalitet Berit Kjeldstad ved NTNU fortel at ho har tatt saka opp som ein problemstilling i Universitets- og høgskolerådets utdanningsutvalg.

– Eg ser at det er viktig, og har bedd om at me set i gang ein slik diskusjon. Det er viktig at me bruker god tid på å sortere ut dei utfordringane som er knytt opp mot dette, seier ho.

Ho trekkjer fram tre hovedutfordringar.

– Me må skaffe store nok lokaler, med god strømtilførsel. Me må ha eit godt system for datatryggleik rundt sjølve gjennomføringa, og me må vurdere om omlegginga bør få følgjer for korleis me gjev eksamen, seier Kjeldstad.

Ho tykkjer det er svært positivt at studentane engasjerer seg i saka, og ynskjer å ha med vidare i prosessen. Ho vil derimot ikkje gje noko tidsperspektiv for når pc på eksamen kan vere ein realitet, då det ikkje er nokon som arbeider konkret med dette ennå.

– Me er i ein sped start, men det er framleis mykje som må på plass, seier ho.

LES SAKA I UNDER DUSKEN!