It’s just a number

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdommar i dagens samfunn er meir og meir opptatt av å ha den PERFEKTE kroppen. Igjen, så omhandlar det å vere tynn, ha lange bein, flat mage, store puppar og stor og fast rumpe, altså det ein kan kalle ein «timeglasfigur». Det er dette alle jenter ønskjer seg. Gutar ønskjer å sjå breie ut, ha store biceps musklar, sixpack og V. Men kven er det som påverkar dei? Kva er det eigentleg som gjer at dei ønskjer seg denne såkalla draumekroppen?

Ein av grunnane til at vi. Du og eg blir påverka er fordi ein berre ser tynne og slanke jenter og gutar på fjernsynet, i avisa, magasin eller i reklamar. På tv er det så veldig sjeldan vi ser jenter av den store typen. Det er sjeldan jenter som ikkje har den thigh-gap’en og som manglar timeglasfiguren. Vi ser berre spreke og sunne jenter. Utstillingsdokkene på klesbutikkar er tynne. Jenter på plakatar er tynne og har fantastisk flott hud, det er ikkje rart at vi blir påverka. Sjølv om vi veit kor mykje bilda blir redigert på til dømes Photoshop så er det fortsatt slik som jentene på reklamar osv., vi ønskjer å sjå ut som. Det er GALSKAP. Det er USUNT.

LES OGSÅ: Slik blir du ikkje perfekt

Eg sjølv er ikkje noko betre. Her sit eg og ser på meg sjølv. Eg har fyldige lår, lår med eit par ekstra kilo. Kilo som eg sikkert kunne ha trena vekk. Magen er heller ingenting å skryte av, den er verken stram eller tynn. Her og kunne eg ha trena vekk litt «feitt». Armane mine er heller ingenting å skryte av, og dobbelhaka som er VELDIG synleg akkurat no, er definitivt noko eg kunne ha klart meg utan. Også må vi ikkje gløyme alle dei cellulittane eg har på låra, herrefred. Det er så forferdelig. Det einaste eg kan skryte på meg er at eg har store puppar, stor rumpe som alltid er i vegen, og eg har former. Men for eit strev det er med store puppar. Alltid eit strev å finne rett størrelse på Bh og genserane må vere større berre for at det ikkje skal sjå ut som om genseren held på å sprekke. Eg har aldri vert fornøyd med kroppen min og eg er ein av dei som ser på tynne jenter, der ribbebeina syner. Så seier eg til meg sjølv at SÅNN SKAL EG BLI. Sånn ønskjer eg å bli, men den tanken der, den er i grunn veldig patetisk.

Eg har den kroppen eg har. Eg vil aldri kunne bli så tynn utan å bli sjuk. Sånn er det berre. Så er spørsmålet, ønskjer du å svelte deg sjølv for å bli tynn, ønskjer du å slite med null energi og mykje hovudverk? Er det verdt det? Eller vil du kunne ete så mykje du vil, det du vil og ha masse energi til å drive med det du ønskjer? Vere lykkelig? For eg skal fortelle deg at det er mange her som vil trene og vil bli tynne, men det er mange av dykk som ikkje kan bli så tynne som dei tynne modellane. Det er fordi skjeletta dykkar er bygd på ein annan måte. Nokre av dykk er føydd med breie skjelett, med breie hofte, breie skulder. Dette er noko ein berre må skjønne. Eg beklagar, men that is life. Gi blanke F*** i media, aviser og Tv som framstiller alle jenter og gutar som perfekte. For ingen er perfekt. Eg vil heller sei at du er perfekt med den kroppen du har, med cellulittane dine, med dei ekstra kiloane dine.

LES OGSÅ: Instagramutstilling om kroppspress

Du er god nok som du er. Du trenger ikkje å bli som ALLE andre. For i verkelegheita så er ikkje alle desse modellane så tynne. Mange har faktisk cellulittar. I staden for å svelte seg sjølv og prøve å bli sjukelig tynn, vil eg heller anbefale deg å ete det du vil, så mykje du vil, så lenge ein held seg aktiv og ikkje sit inne og rotnar. Gå deg ein tur for dagen eller gå rett og slett å tren. Men ikkje gløym å et, og for all del et den sjokoladen om du vil. Ingen kan nekte deg. Ingen kan sjå ned på deg. Det du får ut av det er lykke. Du vil føle deg bra, vel og lykkeleg. Veg du meir en 50 kilo så gjer du det. Gå på stranda i din yndlings bikini og ikkje bry deg om dei som seie at dei som vege over 40-50 kilo burde ikkje vise seg på stranda. 40 er berre eit tall. Husk det. Det er berre eit tall.

Du er fin sånn som du er, den kroppen gjer deg til den du er. Ver stolt over deg og kroppen din, ingen i heile verda har den kroppen du har. Din kropp er unik. Eg veit det er vanskeleg å tenkje at ein skal vere stolt over kroppen sin når alt ein ser er tynne jenter. Eg synest sjølv det er vanskeleg, kjempevanskeleg. Men det er dagens samfunn. Dagens samfunn skapar press. Så lat oss vere blant dei som går imot presset. Ver med å vis at samfunnet ikkje er som det blir framstilt. Reis deg og vis deg, ver stolt og ikkje bry deg om andre sine meiningar. Det er berre dine meiningar som tel. Alt anna er berre surring i øyra, irriterande, men surring som forsvinner om du ignorer det. Skap forandringar og forbetring. Lat oss vere som Marilyn Monroe!

Faktaboks

KULTURBLOGG

Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?

I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.

Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg