Island har fått ny regjering

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har ikkje vore enkelt å stabla på beina ei ny regjering på Island etter valet i oktober. No har sentrum-høgre-partia Sjølvstendepartiet, Fornyingspartiet og Bjart framtid omsider fått det til.

Regjeringsplattforma blei klar onsdag, og torsdag tok den nye regjeringa over nøklane til regjeringskontora i Reykjavík.

LES OGSÅ: – Det er noko gale med demokratiet på Island, sa Dora (28) i Piratpartiet før valet

Ny Panama-minister
Ny statsminister er Bjarni Benediktsson frå Sjølvstendepartiet, som blei det største partiet i valet. Dei har til saman seks statsrådar i den nye regjeringa, medan Fornyingspartiet og Bjart framtid har høvesvis fire og tre.

Til liks med tidlegare statsminister Sigmundur Gunnlaugsson dukka også Benediktsson opp i Panama-papira, som avslørte omfattande skatteunndraging. I april 2016 måtte Gunnlaugsson gå av som ei følgje av avsløringane, men koalisjonsregjeringa mellom Sjølvstendepartiet og Framstegspartiet haldt fram.

LES OGSÅ: Changemaker krev kamp mot skatteparadis etter Panama-avsløringane

Ingen fordomar
Helseministeren i den nye regjeringa, Óttarr Proppé frå Bjart framtid, er også kjend som rockemusikar i banda HAM og Dr. Spock. I 2014 dukka han opp som korist då Pollapönk vann den islandske Grand Prix-finalen, Söngvakeppnin, med songen «Enga fordóma» («Ingen fordomar»). I den internasjonale finalen landa dei på 15. plass.

Bjart framtid er eit framhald av Det beste partiet, som blei danna av komikaren Jón Gnarr som ein protest mot det politiske etablissementet.

#freethenipple
Også den nye miljøvernministeren, Björt Ólafsdóttir, kjem frå Bjart framtid. Ho vekte stor merksemd i 2015, då ho viste puppen på Twitter til støtte for #FreeTheNipple-kampanjen.

– Eg sit kanskje i parlamentet, men det hindrar meg ikkje i å kjempa mot sexisme med brysta mine, skreiv ho i eit innlegg i den britiske avisa The Independent, og slo fast at ho er lei av at kvinnekroppen skal sensurerast.

LES OGSÅ: No kan islandske jenter heite Angelina

Usamde om EU
I EU-spørsmålet har dei tre partia blitt samde om å vera usamde. Fornyingspartiet og Bjart framtid støttar eit islandsk EU-medlemskap, medan Sjølvstendepartiet seier nei.

I regjeringsplattforma slår dei fast at viss spørsmålet om ei eventuell folkeavrøysting om EU kjem opp i alltinget, vil partia respektera kvarandre sine ulike synspunkt.

Test deg sjølv: Forstår du íslandsk?