Isbreane smeltar fortare enn før, melder Breitbart og Sunnmøringen

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Breitbart og Sunnmøringen

KOMMENTAR: Kva har ei lokalavis på Vestlandet og nettstaden tidlegare eigd av Trump-rådgivar Steve Bannon til felles?

Jo, begge avisene omtalar resultata frå ei forskargruppe som har fotografert at isbreane krympar.

Breitbart publiserte saka frå nyhendebyrået AP 3. april 2017: «Then and now: How glaciers around the world are melting».

BreitbartIsbreScreengrab
Skjermdump frå Breitbart.

 

Sunnmøringen publiserte saka frå NTB/NPK 4. april 2017 «Isbreane smeltar fortare enn før» gjennom direktetenesta til NPK.

SunnmoringenIsbreScreengrab

Skjermdump frå Sunnmøringen.

 

Folkens: Følgjane setning står på trykk der Trump (og andre klimafornektarar) kan sjå den:

«Scientists primarily blame man-made global warming from the burning of coal, oil and natural gas.»

Breitbart har meir presisjon enn Sunnmøringen
Det er nyhendebyrået Associated Press som har levert saka til Breitbart, medan det er NTB/Nynorsk Pressekontor som har levert saka til Sunnmøringen.

Verken lesarar av Breitbart eller av Sunnmøringen får hjelp til å finne fram til sjølve forskingsresultata. Det er ingen lenker til forskingsartikkelen, og heller ingen presisering av namnet på hovudforfattaren av studien.

Breitbart, men ikkje Sunnmøringen (!), oppgir at resultata nyleg vart publisert i tidsskriftet GSA Today, utgitt av Geological Society of America.

Det tok Framtidas journalist om lag 10 minutt med litt knoting for å finne fram til forskingsresultata HER. (Tittelen, «Savor the Cryosphere», er ikkje skrive for å lokke lekfolk.)

Forskingsartikkelen er publisert under Open Access, så innhaldet er tilgjengeleg for alle. Det er altså ingen grunn til å ikkje oppfordre lesarane til å undersøke forskingsresultata på eiga hand.

Vil vise fram konsekvensane av klimautsleppa
Med prosjektet vil forskarane vise fram konsekvensane av menneskeskapte klimaendringar på isbreane, og har fotografert fem isbrear både før og no. Her finn du bileta av isbreane.

Frå biletteksten kan vi lese at breane vert mindre over heile verda:

Alaska: Mendenhall-isbreen har trekt seg 550 meter tilbake frå 2007 til 2015.
Island: Sólheimajökull har trekt seg 625 meter tilbake frå 2007 til 2015.
Sveits: Steinbreen har trekt seg 550 meter tilbake og Trift-breen har trekt seg 1,17 kilometer tilbake, begge frå 2006 til 2015.
Peru: Qori Kalis-breen har trek seg 1,14 kilometer tilbake frå 1978 til 2016.

Forskarane skriv vidare at «tempoet for tilbaketrekkinga av isbreane er ein av dei klaraste indikasjonane på at tid er essensielt dersom vi skal avgrense dei menneskelege påverknadane».

Fotografen James Balog er mannen bak Extreme Ice Survey og dokumentarfilmen Chasing Ice, samt dette TED-føredraget (frå 2009) om korleis isbreane forsvinn framføre augene våre:

Ikkje godt nok
Både Breitbart og Sunnmøringen siterer fotograf og isbreforskar Lonnie Thompson, som skildrar reisene til Qori Kalis-breen i Peru som å besøkje eit «dødssjukt familiemedlem».

Det gripande sitatet finst ikkje i forskingsartikkelen (der Thompson deltok), men verken Associated Press eller NPK fortel når og til kven Thompson har sagt det.

Verken Breitbart (AP) eller Sunnmøringen (NPK) presenterer #FakeNews (nytta om falske nyhende laga med vilje) eller #AlternativeFakta, men dei to sakene er likevel ikkje gode nok.

NTB og NPK opplyser at dei etter kommentar frå Framtida.no har oppdatert sakene (både på bokmål og nynorsk) med lenke og namn på forskarane slik at lesarane skal kunne finne fram til forskingsresultata på eiga hand. 

 

For ordens skuld:

Referanse: Savor the Cryosphere. Patrick A. Burkhart, Richard B. Alley, Lonnie G. Thompson, James D. Balog, Paul E. Baldauf og Gregory S. Baker. Publisert i GSA Today, online 30 Mar. 2017.

DOI: 10.1130/GSATG293A.1 Lenke

Oppdatering: Denne artikkelen er oppdatert for å presisera at sakene på Breitbart og Sunnmøringen er henta frå nyhendebyrå. Desse sakene er også distribuert til fleire andre nyhendepublikasjonar.