Isaksen vil endra yrkesfaga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Noreg har eit stort behov for fagarbeidarar, men innan blant anna helsefag, næringsindustri, samferdsel, kontor og service har fagutdanning lite eller ingenting å seie for moglegheitene til fast jobb, skriv Klassekampen. Derfor går Isaksen breitt ut for å gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet. Høgre-statsråden vedgår at det kan bli mykje med fem utval, som supplerer ni fagråd, men seier det ligg eit bevisst val bak.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag

– Det ville vore ryddigare med berre eitt utval, men då er litt av poenget borte. Vi vil dra inn bransjeforeiningar og arbeidstakarorganisasjonar for å diskutere fagopplæringa dei har sterkt eigarskap til. Det er avgjerande at partane blir høyrt, seier Isaksen, som er innstilt på at det kan bli store endringar.

Likevel står ikkje lærlingmodellen med to års skulegang følgt av to års lære for fall, men vil eksistere side om side med nye alternative løp. Eit eksempel er praksisbrev, som skal vere ein kortare, mindre teoritung veg inn i arbeidslivet for dei som ikkje ønskjer to år på skulebenken. (©NPK)

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag