– iPad kan gje nærsynte born

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– iPad kan gjera deg nærsynte

Ny forsking seier at det ikkje er dei digitale skjermane i seg sjølv som forårsakar nærsynheit, men livsstilsendringa vi opplever i dag. Born som er lite ute, har to-tre gongar større risiko for å bli nærsynte. Dette, samen med at folk ser mykje på nært hald, er ei utfordring, anten det er fordi vi kikar på skjermar, eller fordi vi les. Særleg er det viktig å bruke auga på ting som ligg lenger unna enn 30–40 cm med jevne mellomrom. Tv-sjåing er faktisk noko betre, då ein sitt lengre frå tv-skjermen, understrekar optikar Hans Nymark.

Fagtermen som vert brukt om dette fenomenet er «Juvenile onset myopia». Det startar for nokre i løpet av dei første skuleåra og for andre i første halvdel av tjueåra og utviklar seg kanskje frå minus 2 til minus 5 i løpet av 5–10 år, fortel John Abraham Nymark.

Eit tips til foreldra kan vere at dei legg opp til utandørsaktivitetar. Forsking tilseier at utandørsaktivitet i 2–3 timar kvar dag, inklusiv friminutt og SFO, er svært gunstig også med tanke på utviklinga av synet. Samtidig er det viktig å ta seg pausar undervegs i næraktivitetane. Tilrådinga er 5–10 minuttars pause i timen. I pausane bør ein bruke auga på ting som ikkje er nærme, altså ikkje lesing eller teikning eller skjermtitting, seier Hans Nymark.

LES OGSÅ: Med lesebrett i undervisinga

Ikkje reverserbart
Når auga blir meir nærsynt, er dette det same som at auget veks. Det kan ikkje reverserast. Dette er vanlegvis ikkje ein degenerativ type nærsynheitsutvikling og følgjeleg ikkje ei skade.

Nærsynheitutviklinga skjer heilt frå 7–9 års alderen og til første halvdel av 20-åra, så det er litt vanskeleg å komme med generelle tips når de gjeld tid for stillesitjande augebruk. For foreldre er det viktig å tenkje på at borna får varierte aktivitetar i løpet av ein dag, understrekar Hans.

Dei fortel at det vert forska på dette feltet frå fleire hald, og at spesielt innan kontaktlinseindustrien er dei opptekne av dette å bremse nærsynheitutviklinga.

Nærsynheitsbremsande kontaktlinser er under utprøving. Desse viser svært lovande resultat etter eitt års bruk. I dag er dei ikkje tilgjengeleg i Noreg. Augedropar er også funne å bremse utviklinga, men her er problemet bieffektane av dropane. På verdsbasis er det ei stor auke av nærsynheit, og difor vert det forska mykje på årsakene til dette og korleis ein kan bremse utviklinga, poengterer John Abraham.

LES OGSÅ: Nærsynt av studia

Sjekk synet
Å sjekke synet regelmessig, kan vere lurt. Det å gå rundt med for svak styrke på briller eller linser, har vist seg å kunne gi auka nærsynheit, avsluttar Hans.

Firmaet Interoptik Nymark er inne i eit jubileumsår og har allereie gjort ein del ombyggingar i butikken i Volda. Meir står på trappene, dermed kjem jubileumsmarkeringa når lokala er klare.

Les heile saka i Mørenytt!