Investeringar i kol opp i røyk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mareritt for alle som satsar på kol

Viss du investerte éin millionar dollar i verdas største kolselskap Peabody Energy i mars 2011, så sit du igjen med vel 7000 dollar i dag. Frå toppen 21. mars 2011 har aksjekursen rast nedover. Klimaavtalen frå Paris har sendt aksjeprisen endå lenger ned, til liks med mange andre kolselskap.

Statens pensjonsfond Utland eigde aksjar for 64,4 millionar kroner i Peabody ved utgangen av 2013. Fondet selde seg ut i løpet av 2014. Men ifølgje ein rapport som blei lagt fram i vår av Greenpeace og Framtiden i våre hender, hadde Statens pensjonsfond Utland investeringar for over 85 milliardar i selskap med aktivitetar innan kol ved utgangen av 2014.

LES OGSÅ: Utan Kina, inga klimaløysing

KLP valde å trekka seg heilt ut av kolselskap hausten 2014. Dei har dermed gått klar noko av den store nedgangen.

5. juni i år vedtok Stortinget å kasta ut selskap med meir enn 30 prosent av omsetninga si frå kol innan 1. januar 2016.

– Me begynte å selja oss ut av kolselskap basert på ei risikovurdering av berekrafta i forretningsmodellen allereie i 2013 og har per i dag ingen eigardeler i reine kolgruveselskap, seier Marthe Skaar ved Statens pensjonsfond Utland til Framtida.no. Pensjonsfondet vil koma tilbake til korleis salet av selskap med meir enn 30 prosent kol skal gjennomførast.

LES OGSÅ: Noreg gamblar på at klimapolitikken skal feila

Kolkraft er den største klimaverstingen og slepp ut nær ein kilo CO2 per kWh. Kolkraft står for størst del av dei samla klimautsleppa i verda. Sjå grafikk under!

Kjelde: Globalcarbonproject.org

Faktaboks

Vil dyrke den undersøkande og nysgjerrige eleven

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaavtalen frå Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.