Internett på eksamen gav meirsmak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konsulentane som har evaluert forsøksordninga konkluderer med at ein bør innføre eksamen med internett i eitt eller fleire fag på alle vidaregåande skular.

– I sum blir forsøket med tilgang til internett på eksamen gjennom fire år vurdert som vellykka, heiter det i rapporten, som er utarbeidd av konsulentselskapet Rambøll for Utdanningsdirektoratet.

Elevane ved dei 56 forsøksskulane siste skuleår, fekk ikkje betre karakterar enn elevane ved dei 26 kontrollskulane. Likevel meiner altså konsulentane bak rapporten at ordninga med fordel kan prøvast over heile landet.

– Både elevar og lærarar ved forsøksskulane opplever at det er ei relevant arbeidsform, seier konsulent Katja Smith Ødegaard til NTB. (©NPK)