Inn i elden: Ei gripande og sterk bok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inn i elden er skrive av Aina Basso og vart utgjeven ut av Det Norske Samlaget  i 2012. Boka er ein ungdomsroman på 221 sider.

Aina Basso er født 14. mai 1979 og er ein nynorsk forfattar og historikar. Ho kjem frå Giske i Møre og Romsdal. Ho blei i 2012 nominert til Brageprisen i klassen for ungdomsbøker for romanen Inn i elden. I 2013 blei ho nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for same bok. Aina Basso er i tillegg spaltist i Nationen og Sunnmørsposten og medlem av redaksjonen til det nynorske leksikonet Allkunne.no. Ho bur i dag i Oslo. 

I denne boka er handlinga lagt til 1600-talet, og me følgjer Elen og Dorothe som begge er femtan år. Elen er frå Kiberg i Finnmark, og bur på ein gard saman med bror sin Sanktominus og mor si Marja, kjend for «Kloke-Marja» som er ei av dei såkalla kloke konene. Dei er ein svært fattig familie, som alle andre som bur i Kiberg. Dorothe er like gammal som Elen, og er frå København. Ho kjem frå ein rikmannsfamilie og blir gifta bort med Johann, som er i tretti-åra. Johann er med på eit oppdrag oppe i Vardøy, og dei reiser dit saman. Oppdraget går ut på å samle alle heksene i Finnmark for så å brenne dei på bolet for å få slutt på svart magi. Alle som driv med svart magi har inngått ein djevelpakt.

Mora til Elen er ein av dei som har inngått djevelpakt, men driv med kvit magi, som vil seie å hjelpe folk når dei er i nød. Ho kan t.d. stoppe farlege blødningar under svangerskap. Marja blir teken i frå ungane sine og skal brennast på bål. Medan Marja er borte, må Elen og Sanktominus greie seg sjølve. Då broren til Elen døyr, bestemmer ho seg for å leite etter mora. Ho reiser til Vardøy, og kjem til ein gard der ho blir kjend med tenestejenta til Dorothe, som heiter Line.

Dorothe ventar barn, og ein dag byrjar ho å blø uvanleg mykje. Ho svimar av, og Elen er den einaste som greier å stoppe blodet gjennom kvit trolldom. Som takk får ho bu på garden og får mat når ho vil. Ein dag kjem politiet på garden og vil hente Elen, fordi dei har fått klagar på at ho driv med trolldom. Ho nektar å tilstå og blir straffa som dei andre heksene. Elen blir teken til fangeholet der ho møter igjen mor si, Marja, som er ein dag i frå å bli brent på bålet. Marja har tilstått for å sleppe å bli pint meir. Elen tilstår til slutt at ho er heks og blir brent på bålet, men blir omgjort til ein skarv…
Dorothe er takknemleg for å ha fått hjelp av Elen, og reiser for å sjå på når ho skal inn i elden. Ho er lei seg for at Elen må døy på denne måten, for ho meiner at Elen ikkje gjorde noko galt. Då ho kjem heim frå heksebrenninga, merkar Dorothe at babyen hennar Aurora har fått ein mørk flekk på ryggen. Den mørke flekken er det berre hekser som får, og ho vil gjere alt ho kan for at Johann ikkje skal sjå merket. 

Komposisjon
Boka startar roleg, med ein del skildringar. Handlinga blir fortalt i 3. person. Boka blir skriven i kronologisk rekkefølgje, men har to parallelle forteljingar der det blir veksla mellom livet til Elen og Dorothe. Me får bli kjent med dei to jentene utan at dei kjenner kvarandre.

Det blir brukt ein del tilbakeblikk i boka, der hovudpersonane ser tilbake på noko dei har opplevd. Eit døme er frå Elen sitt liv: «Så lenge eg var eit barn, skyssa ho meg alltid utomhus når det kom folk. Eg kleiv opp på Kiberget og leikte eg var ein skarv..» Varsel blir òg brukt i handlinga, då Elen står med bror og mor hennar og ser bort på Steilneset der dei brenn heksebål.» – Så er det i gang igjen, mumla ho og strauk seg over panna.» Med denne setninga får me ein liten peikepinn om at noko meir kjem til å skje. Høgdepunktet i handlinga må vere då Marja blir teken til retten, og Elen og Sanktominus må greie seg sjølve, og me ikkje veit kva som vil skje vidare med mor deira. Då byrjar ting å byggje seg opp til å bli meir spennande. Vendepunktet må vere når Elen blir teken til fange sjølv, og opplever å miste mora si.

Avslutninga er ein open slutt. Me får vete at Elen blir brent på bålet, og at ho vil døy. Men til slutt blir ho forvandla til ein skarv som flyg høgt til vêrs, og ingen veit kva som skjer vidare. Dorothe får sjå med sine eigne auge at babyen hennar har eit merke frå Satan sjølv, og då veit vi ikkje kva som skjer når Johann finn det ut. Det er opp til lesaren å tolke slutten.

Forteljarmåtane som Aina Basso har brukt er tanke- og handlingsreferat, scener med replikkar og dialogar, og miljø- og personskildring.

Hovudpersonane Elen og Dorothe, Marja og Sanktominus er dynamiske personar. Dei andre er statiske og forandrar seg ikkje i løpet av handlinga. Elen går frå å vere ei fattig jente med familie, til å bli ei einsam og ulykkelig jente som døyr. Dorothe går frå å vere ei vanleg jente på femten år, til å bli gifta bort og får ei lita jente som skal endre livet hennar. Marja er ei av dei kloke konene med ungar, men blir brått teken frå familien sin og døyr. Sanktominus er ein liten gut på fire år som har heile livet føre seg, men døyr i ei elv åleine. Forfattaren skildrar personane i forteljinga indirekte. Me får ikkje vite konkret korleis personane ser ut, men me blir kjent med dei gjennom korleis dei tenkjer og kva dei seier eller gjer.

Boka tek føre seg miljøet som er basert på trolldomsprosessane i 1620-1621 i Finnmark, ein prosess der folk blei tiltalte for trolldom. I dag er ikkje dette miljøet realistisk, sidan verda har forandra seg mykje sidan år 1600. I tillegg til at ho skriv om historie, brukar ho gammalt språk når hovudpersonane skriv brev.

Litterære verkemiddel som blir brukt i Inn i elden er til dømes samanlikningar: «Eg var svolten som ein skrubb», og besjeling: «Vinden uler, og latteren hennar flaksar som ramneflokkar over bølgjene». Tema i boka er trolldom/magi, og bodskapen meiner eg er at det lønner seg alltid å vere ærleg.

Vurdering
Eg vil anbefale denne boka for ungdomstrinnet 14-17 år. Det er ei lettlest bok og ein må lese mellom linjene for å forstå alt. Inn i elden er ei gripande og sterk bok, med eit interessant tema. Aina Basso gir oss eit tilbakeblikk på norsk historie, noko som eg personleg synst er spennande. Boka handlar også om det å bli vaksen, og derfor vil eg anbefale Inn i elden til ungdommar. Språket hennar er nærmast poetisk og det er vanskeleg å legge frå seg boka når ein først har begynt.

Les fleire bokmeldingar her!