Ingenting på tusen måtar

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Ingenting på tusen måtar

Ferie. Uteservering. Vêr. Folk som ikkje heilt veit kva dei skal, som stoppar midt på fortauet, myser mot sola, og går inn i ein butikk og kjøper seg ein is. Radioprogramleiarar som speler dei same songane som i fjor. Ein familie som kranglar på ein parkeringsplass, og som heldigvis ikkje er din eigen. Avisframsider med bilde av folk som badar. Folk som badar. Og viss du skulle vere i litt halvgodt humør ein dag, og har behov for noko som kan gjere dagen litt lysare, så er sommaren gledelig full av vaksne folk som ser komiske ut i shorts.

Men det eg liker aller best med sommaren, er at folk anstrenger seg litt når dei seier ingenting. Når folk møtest i ein oppgang eller ein hotellresepsjon, på ein campingplass eller ei vegkro, eit svaberg, ei strand. Folk som ikkje kjenner kvarandre. Folk som resten av året i beste fall seier «Hei» til kvarandre, kanskje er det til og med såpass haust og såpass mykje overtid at folk ikkje eingong orker å seie «Hei», dei seier berre «He» eller «H». Om sommaren legg folk litt meir i det. Når folk som ikkje kjenner kvarandre møtest i sommarlige omgivnader, og spesielt viss begge har shorts og ser litt komiske ut, då seier dei ikkje berre «Hei» til kvarandre. Dei seier det også, og det er fint i seg sjølv. Men mange seier meir. Noko om fotball-VM, kanskje. Ein vits om Tyskland som alltid vinn. Noko om vêret. Ein vits om at det blei fuktig i går kveld sjølv om det ikkje regna. «Skal du på festivalen i år?» spør folk, viss dei er på ein plass med festival, og det er dei jo. «Nei, ein får vel sjå til å få vatna liket litt,» seier folk, i staden for å seie at dei skal bade.

Folk strekker språket litt når det er sommar og ferie. Vi seier ingenting, eigentlig, men vi prøver å seie det på litt ulike måtar. Folk seier ikkje berre «Hei». Dei seier for eksempel: «Det går an å vere menneske når det er slikt vêr som dette». Dei seier ikkje berre «Ha det». Dei seier for eksempel «Nei, ein får vel komme seg tilbake til teltleiren. Dette ølet drikk ikkje seg sjølv.»

Det er fint. Veldig fint.

Elles viser vi jo denslags språklig kreativitet berre når det gjeld omskriving av tema vi synest det er vanskelig å snakke om, for eksempel alt som har med døden å gjere (Legge på røret, legge seg i pennalet, sjekke ut, fade ut, hamne i kista, kaste inn handkleet, legge inn årene, ta evig kveld, takke for seg, legge livet på hylla, vandre til dei evige polkøane, legge seg nedpå, skifte kanal, dra ut kontakta, sløkke og låse, komme til rulleteksten, parkere tøflene, tørke av seg gliset, vandre, ta kvelden, slutte å røyke), alt som har med sex og kjønnsorgan å gjere (Ligge med, ha seg, bolle, banke flesk, dyppe laksen, pels på knaggen, hekke, synge musevisa, banke kjøt, opne pølseboda, handhelse på kongen, klappe laksen, nappe loffen, polere stanga, trimme kjeppen, ta ein rask Roger, choke musa, dyppe nebbet, fukte leppene, fyre i grotta, gnikke jodleknappen), eller omtale av politikarar vi ikkje har stemt på (Idiot, slubbert, tulling, sullik, amøbe, mafiatilstandar, homokommunist, Martin Kolberg, subb, botnfall, tufs, tosk).

Om sommaren viser vi den same kreativiteten når vi snakkar om noko vi gjerne vil snakke om. Om at vi har det fint og at det er hyggelig med ferie og at vi snart skal bade. Det liker eg. Og kvart år tenker eg at eg skal vere litt meir sånn også etter at sommaren er over. Og i år skal eg gjere det. Når eg går frå butikken skal eg ikkje berre seie «Ha det». Eg skal seie sånt som «Nei, ein får vel komme seg tilbake til teltleiren. Dette ølet drikk ikkje seg sjølv». Nokon kjem til å sjå litt rart på meg. Heilt sikkert. Men nokon kjem til å like det også. Eg, for eksempel.


Først publisert i Aftenposten 5. juli.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!