– Ingen væpna revolusjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På vegen hit fekk eg slengt kommentaren «jævla kommunist» etter meg. Mange ser på oss som Pol Pot sine like og trur vi vil fjerne slik som pressefridomen, men det stemmer absolutt ikkje, seier Alexandra Grønås til Framtida.no. Ho er leiar for Ungdomskommunistene, som er ungdomspartiet til NKP, i Vest-Agder og Telemark.

Partiet har det «klasseløse samfunn, kommunismen, hvor alle yter etter evne og får etter behov» som langsiktig og konkret mål, og dei har sosialismens klassikarar: Marx, Engels og Lening som grunnlag for si verksemd, ifylgje eige manifest.

Ungdomskommunistane ynskjer mellom anna å melde Noreg ut av NATO og EØS, gje folk gratis tannhelseteneste, fjerne ordninga med studielån til fordel for studieløn og gje ungdom lovfesta rett til eigna arbeid i nærområdet.

LES OGSÅ: EØS-pengar går til miljø, ikkje fattige

Mange fordommar
Ved førre stortingsval fekk moderpartiet NKP 697 røyster i heile Noreg, i 2005 var talet 1070. Grønås forklarar at Ungdomskommunistene har auka noko dei siste åra, men at dei er eit lite ungdomsparti.

– Det store problemet er at så mange trur vi planlegg ein hemmeleg, væpna revolusjon, noko vi sjølvsagt ikkje gjer. Og så har kanskje ein del gløymt av vi eksisterar.

Ho opplever også at mange tenkjer på kommunismen som den var under den kalde krigen, eller som under regimet til Pol Pot, og at det er negative ting som får størst merksemd.

– Ingen ser til Cuba, der er dei mellom anna veldig gode på gratis helse.

LES OGSÅ: Sovjetnostalgi 20 år etter

Slutten på kapitalismen
Grønås valde Ungdomskommunistene fordi det er det einaste partiet som står for verkeleg likskap. Ho meiner både høgre- og venstresida skapar ulikskapar slik det er i dag, og vil heller innføre faktisk likskap.

I fylgje det nemnte manifestet, ynskjer Ungdomskommunistene eit nytt system – ein «demokratisk flertallsstyrt planøkonomi til dekning av alle menneskers grunnleggende og samfunnsmessige behov.»

– Vi vil bli kvitt kapitalismen, i alle fall i den grad det går – for det er jo vanskeleg å fjerne den 100 prosent. Men vi ynskjer til dømes offentleg styring av olje- og gassverksemda i Noreg, forklarar Grønås.

– Eg skulle i alle fall ynskje det gjekk an å fjerne kapitalismen, alt handlar jo om pengar.

LES OGSÅ: Mindre økonomisk fridom i Noreg

Hjartesakene
For Grønås er arbeids- og innvandringspolitikk mellom dei viktigaste sakene, to tema ho meiner går hand i hand.

– Er ein ikkje i arbeid, har ein ingen andre stader og det vert vanskelegare å få eit nettverk. Der må ein også prate norsk, på jobb kan ein gjerne få norskkurs og ein får vore ein aktiv del av samfunnet.

Auking av studiestøtta og den vanskelege bustadmarknaden, er andre hjartesaker.

– Vi må presse prisane ned, for i dag har ikkje ungdom råd til eigen bustad om dei ikkje har foreldre som kausjonistar. Vi meiner Husbanken må vera løysinga, som kan gje billege, sosiale lån til alle, slik det fungerte etter krigen.

– BSU-ordninga fungerar også berre for dei som har kome godt ut av det, til dømes med at ein er får hjelp av foreldra til å fylle opp kontoen. Vi ynskjer ikkje å fjerne ordninga heilt, men den må i alle fall balanserast av Husbanken, avsluttar Alexandra Grønås.