Ingeborg fekk duett med Sie Gubba

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Suksess med ny Køntrifestival

Saka var først publisert i Nordhordland. 

– Sie Gubba søkte etter nokon som ville synga duett me dei. Då tagga tanta mi meg i eit innlegg, og eg tok ho på ordet og kontakta dei, seier Ingeborg Marie Kjellevoll Sleire (25) frå Gulen.

LES OGSÅ: Oppveksten er ein country-song 

Kjempeskummelt
På den nye festivalen Køntris fyrste dag fekk ho altså stå på hovudscena med det svært populære køntribandet Sie Gubba. Bandet var hovudattraksjonen på festivalens fyrste dag.

– Det var kjempeskummelt, men det gjekk jo då, seier ho.

Men legestudenten frå Dalsøyra innrømmer at ho var litt shaky der ho stod på scena framføre vener og slekt og nokre hundre køntrifans. Det kjem kanskje ikkje som noko overrasking, men Sleire er glad i å synge, og song i kor før.

– Det gjer eit skikkeleg kick, seier ho.

Men bandet Sie Gubba er nok ikkje favorittbandet hennar.

– Men dei lagar god stemning, og dei songane eg har høyrd likar eg jo, seier ho.

LES OGSÅ: God butikk for Vassendgutane  

– Stroken scenerigg
Bak den nye festivalen som vert arrangert på tusenårsstaden Gulatinget, står Viggo Randal, kjend for mange frå Utkantfestivalen.

Han er nøgd med starten på det som forhåpentleg vert ei årleg hending.

– Litt logistikkproblem skal det vera. Men området er perfekt rigga og har ein stroken scenerigg. Og ikkje minst er vêret stroke, seier han.

Han reknar med at det var rundt 700 menneske innom på fyrste dag av festivalen.

– Målet er 2000 i løpet av heile helga, seier han.

BILDESERIE: Køntrifestival i Gulen

– Elskar køntri
Blant dei som hadde tatt turen var Jenny Anita Brekke og Sara Neteland.

– Me elskar køntri, seier dei entusiastisk. 

Favorittfestivalen hennar er køntrifestivalen i Seljord, men grunna jobb får ho ikkje den med seg.

– Då vart det Køntri i staden, smiler ho.

Festivalløva Marius Arnetvedt frå Arna har og Seljord som sin favorittfestival. Men han likar seg godt på Flolid og.

– Eg er på det som er av festivalar. Og det er eit bra arrangement til no, seier han nøgd.

– Og så lenge det er fint vêr, er alt bra, sluttar han.