Inga stoppeklokke i KRLE

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje stoppe- klokke i KRLE

Dei borgarlege partia vart i samarbeidsavtalen sin einige om å endre faget religion, livssyn og etikk (RLE) til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE). Kristeleg Folkeparti fekk gjennom eit krav om at faget skal innehalde 55 prosent kristendom.

LES OGSÅ: – Skal ikkje vere misjonerande

Dømt for favorisering av kristendom
Departementet arbeider no med å setje endringane frå samarbeidsavtalen ut i livet, det vil seie endringa av namnet på faget og det auka innslaget av kristendom. Det er ei sentral oppgåve å unngå ny, opprivande strid og nye rettssaker, skriv Vårt Land.

– Det er viktig å hugse at det religionsfaget Noreg vart dømt for i Strasbourg, vart dømt fordi det kvalitativt favoriserte kristendommen. Det verken bør eller skal det nye faget gjere. Vi skal heller ikkje stå med stoppeklokke inne i klasserommet og sjekke at lærarane heretter bruker 55 prosent av tida på kristendom. Kvar lærar må finne ut kva klassen treng å bruke meir eller mindre tid på. Prosentdelen kan like gjerne dreie seg om korleis ein skal vektleggje faget i vurderinga av elevane, seier Røe Isaksen til avisa.

LES OGSÅ: KRLE-fag kan bryte med menneskerettane

Mogleg balansegong
Han seier han meiner det er «fullt mogleg» å lage eit KRLE-fag som gir kristendommen «litt større plass» samtidig som lærarane sørgjer for å dekkje behovet for kunnskap om andre religionar og livssyn.