– Ikkje ver redd for diktet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hadde vore fint om fleire ville lese dikt, utan å tenkje at dei må knekke ei kode. Ein er gjerne redd for å kjenne seg dum og utestengt frå diktet, om ein ikkje forstår innhaldet, seier Veronika Erstad som er aktuell med diktsamlinga «Eg er så nær morgonen eg kan kome».

«Kva betyr diktet?» er eit vanleg spørsmål for poetar. Her tenkjer forfattaren at lesarane kan ha noko å lære av måten ein lyttar til musikk på.

LES OGSÅ: Poesi er lyd

Dårleg diktundervisning
Sjølv les ho dikt, mellom anna når ho står fast i skriveprosessen. Ho tek då til seg det ho tykkjer er fint, og er meir oppteken av stemninga enn å forstå innhaldet. Ein forstår det ein forstår og tek til seg det ein treng, tenkjer ho.

– Ikkje ver redd for diktet. Det er berre nokon ord på papiret. Ein må heller lytte til det og lese det, utan å forvente noko tolking, er oppmodinga frå Erstad.

35-åringen frå Rosendal i Kvinnherad trur tolkingsfokuset kan ha noko med norskundervisninga å gjere. Sjølv hugsar ho ei poesiundervisning der dei lærte om verkemiddel som rytme og allitterasjon.

– Eg håpar at dei har meir variert undervisning i dag. Eg kan ikkje hugse at me las så mykje samtidspoesi. Det var helst Wergeland og Welhaven. Ein vil lese mykje som ikkje treff ein, difor er det viktig å få presentert mykje forskjellig, meiner den ferske forfattaren.

LES OGSÅ: Poesitips til poesidagen

Det store året
Når Framtida snakkar med ho på telefon er ho i Stavanger etter eit lengre skriveopphald på Island.

Den skriveglade vestlendingen er utdanna barnevernspedagog og har gått forfattarstudiet både i Bø og Tromsø. Det var under desse studia ho for alvor vart fokusert på publiseringa – og fann eit nyttig skrivefellesskap som har følgt ho sidan.

Men vegen mot debuten har vore ein lang prosess.

Det byrja med fleire nettbaserte skrivekurs og Erstad søkte fleire gonger før ho kom inn på forfattarstudiet. Diktsamlinga ho no er aktuell med byrja ho på allereie i 2011 – medan ho var i Tromsø.

Ho har sett medelevar verte publisert og til tider følt at det har gått seint. Men 2015 er året då Veronika Erstad endeleg vert publisert – og det heile to gonger. I haust kjem nemleg barneboka «Kattejenta»ut på Cappelen Damm.

LES OGSÅ:– Eit kraftsentrum for poesi i Noreg

Dei nære tinga
Men det er noko ekstra nært med dikta, sjølv om Erstad ikkje skriv om seg sjølv.

– Det var veldig rart då boka kom og at ho er der ute. Eg trudde eg skulle bli veldig glad når eg fekk ho i posten, men eg var litt ambivalent. Det kom overraskande på meg sjølv, fordi eg vart så glad då redaktøren sa at det vert diktsamling. Det er litt sårbart og rart på ein måte, men det er òg veldig godt å bli ferdig, forklarar ho.

Diktsamlinga byrja med ein idé om ein person som måtte flytte på hemmeleg adresse.

Med tida vart utgangspunktet mindre viktig. Erstad har heller freista å formidla sårbarheten mellom dei to personane som bur i kvar sine hus med havet og skogen tett innpå.

– Eg nyttar poesien til å skildre ei stemning eller kjensle. Ein bruker andre ord for å få fram ei stemning eller kjensle. Dikt har eit anna og meir bevisst språk enn noko av prosaen. Språket blir viktigare i seg sjølv, noko eg tykkjer er veldig fint. Det er nesten ikkje så viktig kva som står der, men måten ting blir sagt på vert litt annleis. Det vert på ein måte eit meir vakent språk, seier Erstad.

LES OGSÅ: Poesi i bloggform

Skrivefellesskap og disiplin
Til andre som går med den same forfattardraumen i magen har ho fleire råd. Det første er å melde seg på skrivekurs eller på andre måtar oppsøkja fellesskap der ein får tilbakemelding på tekstane sine.

Disiplin er eit anna stikkord.

– Sett av litt tid kvar dag, uansett om det er berre fem-ti minutt der ein skriv heilt usensurert. Eller ein kan planleggje å skrive ei tekst kvar dag i ti dagar, tipsar debutanten.