Ikkje ver ein forbanna drittsekk

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje ver ein forbanna dritsekk

Kronikken var først publisert i Aftenposten.

Meldingane har vore for mange, for episodane dei nemner, har hopa seg opp, det har skjedd over tid, men skjer også no: Sexismen har fått eit motsvar den siste veka, det har utelukkande vore til det gode. Norske jenter, unge, men også eldre, og som mellom anna har desse namna: Vilde, Cathrin og Anette, er blitt utsette for ufrivillige, ofte grove, handlingar og nedsetjande språkbruk. Som statement og varsku her! var kampanjen #jegharopplevd viktig, men kva skjer no?

LES OGSÅ: – Jenter på 12 år seier «hore» er eit vanleg skjellsord

Ei sak, mange sider
Me må vel prata om ansvar snart, og då må mennene på banen. Aftenposten har poengtert at ei sak har fleire enn to sider, at denne har mange, og publisert eitt grunngjeve mannsperspektiv (17.3.). Minerva-redaktør Nils August Andresen peikar på viktige ting. Innlegget har ein lang tittel, uvanleg fordi tittelen forklarer poenget hans: «Det går an å rasjonalisere bort kvinners opplevelser av seksuell utrygghet. Men det er ikke rasjonelt av den grunn.» Standpunktet er kompromisslaust. Det er derfor eit godt utgangspunkt.

Saka har fleire sider, mange fleire enn to, men Twitter-kampanjen kan ikkje få fram alle desse, og det var heller ikkje meininga: Meldingane kom som ein spontan respons på Thomas Seltzers leik med musa, som var ufin, basta bom – uansett om ein fell ned på sexisme- eller satiredemarkasjonen, som har stått som ein vegg mellom fortolkarane av sesjonen i Trygdekontoret.  

Tidsskriftet Fett starta kampanjen sist onsdag, og gjev gjennom redaktør Hilde Sofie Pettersen til Aftenposten (17.4.) den enkle grunngjevinga at kvinner skulle visa at Cathrin Svanevik Frøyen ikkje var åleine om å ha fått litt bank, eller «blitt litt sovevoldtatt og litt slossvoldtatt», blitt snakka vondt til og etterpå ikkje blitt trudd. Innlegget hennar er for omfattande til å skriva ei nummerert liste med hendingar, med tal og allting, eg prøvde, det vart ikkje plass.

LES OGSÅ: Kvinner blir mobba ut av Forsvaret

Samtalestartar
Twitter hadde plass. Bak #jegharopplevd har kvinner vist eit omfang av sexisme som forklarer kvifor berre kompromisslause standpunkt gjeld frå no av. Derimot kan ikkje kampanjen vera starten på ein samtale om korleis menn kan ta ansvar, og så visst ikkje på ein akseptabel måte, ein som tek innover seg at to auge med naudsyn må få kikka, at munnen med skjegg eller dun rundt, skal snakka, at også menn skal kunna utfalda seg, sjølv om dei til fulle deler det kompromisslause standpunktet som kampanjen har vist behovet for.

August Andresen skriv også i kronikken om såre røynsler og å utsetja seg for andre: «Jeg tror en del menn ble glade for Inger Merete Hobbestads artikkel i Dagbladet som så denne siden av saken.» Denne setninga smilte eg av, fordi det var det slik eg følte det, då eg las artikkelen hennar. Hobbestad skriv om «Rødhettene og ulvemennene» (15.4.), om risikosport, seksuelle framstøytar frå menn og påfølgjande avvising frå kvinner, men nektar å sjå det som «et strukturelt problem, noe som gjør at samfunnet generelt og menn spesielt må gå i seg selv.» Artikkelen munnar ut i ei oppmoding om «å puste med magen og tenke seg om før man gjør trakasseringssekken større og tyngre».

Eg sette pris på kommentaren, men eg er ikkje heilt samd: Må ein snakka ut, må ein gjera det, uansett kor ubehageleg det måtte vera for unge og eldre menn. Men det eg vil påpeika, og som kan vera grunnlag for forandring, går lenger enn til dømes Mathias Fischer i Bergens Tidende (15.4.), som også konstaterer at det finst «et kvinnesyn fra helvete der ute». Han seier noko mange er samde i, utan å leggja til noko nytt, når han seier: «’Alle menn’ trakasserer ikke, voldtar ikke, truer ikke. Men alle menn bør lese hva [kvinnene] har å si, og forsøke å forstå.» Og han konkluderer: «Budskapet som må synke inn hos norske menn er klart: Forstå. Ta ansvar». Dette er den enkle delen, som seier at dritsekkane som er dritsekkar, burde slutta å vera det.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd seksuelle overgrep

Eit kvinneperspektiv
Føregangskvinna Svanevik Frøyen omtaler det mannlege «unntaket»: Han er «den svake og pysete mannen». Også dette kan synast å vera ein strukturell kritikk, men er unyansert og kan heller ikkje vera anna; skildringa er sett utanfrå. Kampanjen #jegharopplevd la til grunn eit kvinneperspektiv, for å fortelja om overgrep og overtramp, og den arenaen skal kvinnene få ha til dess dei kjenner at alt som bør seiast, er sagt. Men dei kan ikkje få uttala seg om mannens intensjonar der, det må han få gjera sjølv, for å kunna vera heil.

I framhaldet må me unna mannen intensjon, lytta til individa, dyrka første person eintal, slik at strukturelle karakteristikkar ikkje med automatikk blir påført kvart einaste mannlege individ. For det blir både slitsamt, urettferdig og unyttig. Dei som skammar seg i hel, og tek innover seg kritikken, er kanskje ikkje dei som slår. Her må også menn få uttala seg, og det må kunna skje på individuelle vilkår.

Mitt poeng er ikkje at me ikkje kan forstå kvarandre, men at me ikkje kan forstå kvarandre heilt. Årsaka er ikkje utelukkande kjønn, og oppfatningar kring det, men skilnadene våre som menneske. Desse kan lett forsvinna og då gløymer me kvifor Vilde, Cathrin og Anette kvalifiserer til ein stor bokstav i starten på namnet sitt, og kvifor eg og andre menn også har fått sin.

LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervisning

Ikkje ver ein forbanna dritsekk!
Eg er ikkje stolt av mine «brør» – etter mitt skjønn finst det ikkje nokon slik brorskap, sjølv om det blir brukt som tiltaleform, av føregangskvinna Svanevik Frøyen. Mange menn er dritsekkar, det har både Twitter og valdtekts-prosenten 9,4, frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, vist oss. Derimot er eg stolt mine systrer, som har vist styrke og sagt frå. Først og fremst vil eg at dei skal få det betre, men for at det skal skje, må mannen stå på eigne bein, stå opp for sine eigne handlingar og ikkje andres, ta ansvar og ikkje vera ein forbanna dritsekk.