i samarbeid med ABC Startsida
Tema: språk, sidemål, Noregs Mållag
Onsdag denne veka stemte Oslo Bystyre ned eit framlegg frå Høgre og Frp om forsøk med valfritt skriftleg sidemål i osloskulen.
Arnt Olav Foseide
fredag 17. februar 2012 14.32
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, her syngjande. Bilete: Noregs Mållag/Flickr/CC-lisens.
- Opplæring i skriftleg sidemål er avgjerande for nynorsk sin status i Noreg. Eg er glad for at hovudstadselevane framleis skal lære å skrive både nynorsk og bokmål, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.
- I lys av sidemålsdebatten dei siste vekene, er dette vedtaket svært gledeleg, seier Håvard B. Øvregård. Høgre og Frp enda med å stå åleine om å ville ha forsøk med valfritt sidemål, medan dei andre partia kom med ulike framlegg for å styrkje sidemålskunnskapen hjå elevane. Mellom anna peika Arbeidarpartiet på betre kompetanse hjå lærarane og meir bruk av tekst på sidemål tidleg i skulen, og dei andre partia viste til at start med skriftleg sidemål alt i 8. klasse har ein klart positiv effekt på elevane sine haldningar til nynorsk sidemål.
- No bør Torger Ødegaard, byråd for kunnskap og utdanning, gjere ein innsats for at elevane i Oslo lærer meir sidemål, ikkje mindre, seier Håvard B. Øvregård. Noregs Mållag har fått over 1200 nye medlemer siste vekene, mange av desse frå Oslo.