Ikkje oppteken av klimaendringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan ungdommar tidlegare har hatt klimaendringane høgt på lista over dei største utfordringane våre, kjem klima i år heilt ned på ellevte plass på TNS Gallups klimapanel, skriv Aftenposten.

I 2009 rangerte dei unge klimaendringar som den nest største utfordringa Noreg står overfor. I dag er det aukande vald og kriminalitet, innvandring og integrering som bekymrar dei unge mest.

Professor Bernt Aardal peiker på at miljøinteressa går i syklusar.

– Interessa til dei unge er avhengig av at det er drama og merksemd rundt miljø, seier valforskaren. (©NPK)

Prøv vår klimaquiz her!