Ikkje gravalvorleg poesi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange trur eg er ein gamal gris

– Mange som har høyrt dikta mine har eit bilete av at eg er ein gamal gris. No er eg 43 år og på eitt tidspunkt vert det vel sant, seier diktaren Jon Hjørnevik.

Mørk mann med vimpel
Opphaveleg vossing, men i dag har han bevega seg frå heimbygda Bergen. Noregs største bygd, minnast han at Ole Paus ein gong skal ha kalla det.

No har han teke inn i same hus som ei byste av Ivar Aasen. Han er trass alt Samlaget-forfattar.

Ein mørkkledd vossing som er i Oslo for å lese dikt for tilsette ved Institutt for by- og regionsforsking høyrest kanskje ikkje så festleg ut. Endå mørkare vert det når hans nye diktsamling heiter «Heimekontor i gravferda». Men innhaldet er ikkje gravalvorleg.

Dessutan har han med seg eigen vimpel.

– Eg er jo rundt. Vimpel er litt snodig. Både bedrifter kommunar har vimplar dei deler ut. Fotballag byter vimplar når dei speler kamp, så då kan eg ha ein eg òg.

Renovasjon og fjørkre
Han er verkeleg rundt. Både politifolk, oljearbeidarar, betongbedrifttilsette, advokatar, akademikarar, renovasjonsarbeidarar, innsette og tilsette i fengsel og fjørkredistributørar har fått diktopplesing og vimpel. Opplesing er på ein måte nerva i forfattarskapet. Det er underhaldning.

– Eg var på Fjør 2012. Eller var det 2013? Det var folk som driv med alt innafor fjørkre. Dei sel sikkert netting og bur. Og driv med distribusjon av egg og fjørkre.

– Du les dikt for ganske ulike folk, frå regionsforskarar til folk som driv med distribusjon av fjørkre. Kvifor trur du dikta dine fengjer så breitt?

– Distribusjon av fjørkre, det må eg notere ned.

Han finn fram ei lita notisbok i veska. Den er alltid med. Når ein skriv dikt er det viktig å ta vare på setningar, personar og gullkorn før dei forsvinn.

Saka fortset under biletet.


Forfattaren sjølv er godt nøgd med den mørke visuelle innpakninga dikta hans har fått. 

«Sveising i landbruket»
Distribusjon av fjørkre høyres ut som noko som kan setje fantasien i sving hjå vossahumoristen. Det minner litt om pelsdyrkonsulenten. Ein mann han oppdaga i Naustdal. Pelsdyrkonsulenten var eigentleg sjuk og gjekk på trygd. Likevel stod han på og hogg ved. Hjørnevik noterte i ei hyttebok og måtte få sidene frå boka sendt nedover. Det vart til diktet «Pelsdyrkonsulent på friarfot».

Andre inspirasjonskjelder kan vere boktitlar på Fretex. Han minnast å ha kjøpt ei med tittelen «Bedre radio». Ei eldre bok om korleis innstille radioen og kvar i huset han skal stå for å få best mogleg signal. «Sveising i landbruket» er eit anna bruktfunn.

– Ofte er det slik at tittelen er betre enn boka, medgjev Hjørnevik, som freistar å lese noko anna enn det han likar.

Boksar vs. diktar
– Men kva likar du eigentleg å lese?

– Eg likar boksing. Nett no har eg bestilt inn masse biografiar. Eg er inne i ein bokseperiode. Boksing er noko anna enn fotball. Ein er åleine i ringen. Å skrive dikt kan vere litt som boksing, men der er ein på ein måte åleine mot seg sjølv, fortel vossingen, som ein gong kjøpte ein heavybag til opptrening.

Han vart brukt til spark ei stund, før han vart skrudd ned og donert til eit idrettslag.

Men så kom me attende til kvifor dikta fengjer så breitt – frå fjørkredistributørar til akademikarar. Du har kanskje høyrd «Julebord i enkeltmannsforetaket»? Ein slager på norske julebord sidan 2001. Det er kanskje hans mest populære dikt, men ingen personleg favoritt.

– Det er noko folkeleg med dikt på rim. Det er noko alle kan prøve seg på og til ein viss grad få til. Det er nesten banalt, meiner Hjørnevik, som skildrar det han driv med som parodi.

Det personlege favorittdiktet ber tittelen «Slektserotikk». Og som tittelen sladrar om, så er det litt på kanten, som mykje av det andre han skriv. «Eg er så glad i tanta mi», opnar diktet med og sluttar med at han «kjenner dufta av onkel». For ein del av malen er tvisten på slutten, der diktet tek ei overraskande humoristisk vending.

Det er ikkje fritt for at nokon har vorte støtt. Han minnast at ein reiarlagsarving gjekk ut av rommet i protest og med tydeleg misnøye under ei opplesing. Då var det «Kalle dykkarens song», med sine kvinneerobringar, som vart skildra på svorsk.

Styggaste dama i dalen
Diktaren er ikkje redd for å nytte seg sjølv og dei rundt seg. Det er eit skrivetips han kan formidle vidare til unge lovande forfattarspirer.

Sjølv har han nytta både morgonhåret til mor og shortsen til far. Og i den siste diktsamlinga har han nytta to bilete av seg sjølv. Det eine av ein liten krabat, illustrerer diktet «Styggaste dama i dalen».

Til kvart dikt har han funne bilete sjølv. Han har bestilt store pakkar med bilete frå Amerika på Amazon. Leita på antikvitetsforhandlarar. Til diktet «Me manglar berre purreløk» har han funne ein staseleg herremann – kanskje frå seint 1800-tal – som ser ut som han berre manglar purreløk. Han har teke gamle bilete for å ikkje risikere å kome i klammeri med lova om opphavsrett.  

Om du likevel skulle finne eit bilete av seg sjølv. Så er det kanskje nettopp deg. Men heldigvis illustrerer verken du eller bestemor den styggaste dama i dalen.

LES SISTE BOKNYTT HER!

Sjå Jon Hjørnevik på Stand Up Bergen.

Faktaboks

Jon Hjørnevik (1970)

• Forfattar, komikar, tekstforfattar og kreatør i reklamebyrå
• Opphavleg frå Voss, busett i Bergen
• Debuterte med «I ein sofa frå Korea»(2001)
• Aktuell med «Heimekontor i gravferda»(2014)

Kjelde: Samlaget, jonhjornevik.no