– Ikkje berre traktor

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senter- partiet: – Ikkje berre traktor

– Vi må kvitte oss med bondestempelet.

Leiar for Senterungdommen i Møre og Romsdal Marit Nerås Krogsæter (18) er lei av at partiet hennar berre blir assosiert med landbruk.  

– Senterpartiet har så mykje anna bra politikk som også burde bli lagt merke til.

Krogsæter trur byfolk har mykje av skulda for det einsidige synet på Senterpartiet.

– Eg trur at Sp ofte blir sett på som bondepartiet fordi det er nesten det einaste partiet som talar bøndene si sak.  Vi får mange stemmer frå distrikta, og byfolk tenker ofte at alle som er frå distrikta er bønder.

Bil, BSU og skule.
Krogsæter meiner Sp har mange andre gode saker som vil slå an hos unge veljarar.

– Vi vil etablere fartsparkar, der ungdom kan få utfalde seg, og vi vil ha førarkortet og trafikalt grunnkurs inn i skulen.

LES MEIR: Krev betre trafikktryggleik for unge

Skulepolitikk og etableringspolitikk som stipend og BSU-ordningar, er òg viktige saker som ho har trua på. Krogsæter er oppteken av at alle skal få mulegheit til å fullføre vidaregåande skule.

– Vi må ikkje sløse med menneskelege ressursar.

Har det i blodet
Krogsæter er snart ferdig med  idrettslinja ved Ålesund Vidaregåande skule, og har nok av ballar i lufta. I heimbygda Vatne i Haram kommune har ho alltid vore med på det som skjer.

– Sidan eg lærte meg å gå har eg vore med i kultur og idrett. Så byrja eg med politikk fordi eg hadde lyst til å vere med å gjere ein forskjell. Eigentleg så driv eg med altfor mykje, så det er ein liten kamp å finne ut kva ein skal prioritere, flirer ho.

Det er ingen tvil om at engasjementet er på plass, men kvar det kjem frå er ho meir usikker på.

– Foreldre og slekt har vore politikarar på Stortinget, fylkestinget og i kommunar, så det låg kanskje litt i blodet. Likevel har det alltid vore mitt eige val. Eg har funne ut kva eg vil og meiner sjølv.

Ei stemme for folket
Marit Nerås Krogsæter står på fjerdeplass på fylkeslista til Sp i Møre og Romsdal. Det vil seie at ho, som ein av svært få unge politikarar, mest sannsynleg blir vald inn på fylkestinget til hausten.

LES MEIR: Tidenes yngste Sp-liste

Sjølv om ho neste år startar studentlivet i Trondheim med lektorstudiar i nordisk, har ho lagt til rette for å vere politisk aktiv i heimfylket.

– For å kunne reise heim på partisamlingar så valde eg skuleplass ikkje så langt heimanfrå.

Og ho er sikker i si sak på at engasjementet er verdt kvart eit minutt av tida som går med.

– Eg får lov å seie meininga mi og eg får vere ei stemme for folket. Det er utruleg givande.

 

TA QUIZEN HER: Kva veit du om lokaldemokratiet?