I traktorskospora til The Clash

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frode Grytten med ny bok

Bandet var på toppen av karrieren med albuma «London Calling» og «Sandinista!» i ryggen.

– Om eg skal vere ærleg, så hugsar eg ikkje så mykje av det. Men eg har eit bilete av at dei kjem på scena og opnar med «London Calling». Då tenkte eg at eg kunne døy lukkeleg, seier den no 52 år gamle forfattaren på telefon til NTB frå Fyllingsdalen utanfor Bergen.

Det engelske bandet som starta som eit punkband, men enda som ein stilskapande verdssuksess før det gjekk i oppløysing, har følgt han opp gjennom livet.

Når han no synest tida er moden til å forkynne kjærleiken til The Clash i den nye romanen «Brenn huset ned», tok han utgangspunkt i ein serie med konsertar gruppa hadde i New York seinare same månad for 32 år sidan.

Det var framføringa i Bond International Casino ved Times Square på Manhattan som gav dei det store gjennombrotet og plasserte dei øvst oppe i rockeverda. Men berre knapt eitt år seinare byrja sprekkane å vise seg.

LES OGSÅ: Hardkokte favorittar

Gått opp spora
Grytten kan identifisere seg med kreftene som dreiv Joe Strummer, Mick Jones, Paul Simonon og Topper Headon.

– Eg kjenner att kjensla av å ønskje seg vekk, rokke ved det kjedelege, brenne bruene, gjere noko heilt anna enn det foreldra dine gjer.

Boka har han hatt i tankane i mange år.

– Dei har ei interessant historie. Det meste av fakta er korrekt. Det er godt dokumentert og skrive mykje om dei. Det er jo skrive romanar før om folk som har prega historia, men så vidt eg veit ikkje om noko punkband som har gjort det, seier Grytten.

Han har gått opp alle gater og vore på dei fleste stadene i London og New York som er nemnt i boka.

– Det interessante skjer ofte når blitz-regnet forsvinn og kamera blir slått av. Der startar diktinga. Styrken i romanen er at ein kan vere i desse romma når ingen andre er der. Alt er skrive på bakgrunn av det dei sjølv har sagt om desse situasjonane.

LES OGSÅ: – Eg er forteljar, ikkje filosof

Vennskap mellom menn
Noko av det Grytten var spesielt interessert i å utforske, var vennskapen mellom menn.

– Det blir sett på spissen i situasjonen dei er i. Lenge trur dei at sjølv at dei er den viktigaste i bandet. Joe Strummer trur han kan klare seg utan dei andre. Derfor kuttar han greinene etter kvart, men så forstår han nokre år etter at det var det som øydela det. Vennskapen dei hadde var spesiell.

Som i tidlegare bøker vel Grytten å dele opp forteljinga. Her ser han det frå fire vinklar – Joe, Mick, Paul og Topper.

– Dei er så ulike, men har noko til felles. Tre kjem frå dysfunksjonelle familiar og har eit enormt driv til å skape noko som gjer at dei kan kome ut av den lagnaden.

Punken er den perfekte historiske perioden for The Clash til å skape musikken dei hadde i seg.

– Dei har eit felles mål, men så kjem personlegdomen deira fram. Då dei lykkast, bles egoa deira seg opp og kjem i vegen for kvarandre.

LES OGSÅ: VG Nett omsette Grytten til bokmål

Ingen favoritt
Han har ingen favoritt i bandet, men synest alle har sine sterke og svake sider.

– Du er nøydd til å bli glad i alle fire. Dei må plutseleg ta fleire avgjersler heile tida, reise verda rundt, og dei blir utsett for eit stort press. Det oppstår ein vennskap som gjer at dei blir betre saman enn kvar for seg. Så forvitrar det fordi presset blir for stort.

Grytten seier The Clash hadde punke-etikken og skulle gjere alt sjølv. Det blei umogleg med ein slik suksess og var med på å øydeleggje dei.

– Eg synest det som er skrive om punk er reduserande og overflatisk. Dette er eit forsøk på å gjere det og dei litt større enn dei faktisk har fått lov til å vere. The Clash hadde som mål og byggje opp noko. Når dei gjekk på scena var det ei stor glede både i spelinga og måten dei blei tatt imot.

Grytten har sitt eige Beat Band der han les dikt, mellom anna The Clash-låtar på nynorsk, til musikk framført av mellom anna kollega Pedro Carmona-Alvarez. Men nokon CD har han ingen planar om å gi ut. Derimot gir The Clash no ut ein massiv samleboks – "Sound System".

– Eg har bestilt boksen. Det er ingen veg utanom. Og sjølv om boka er eit eingongstilfelle, er det i alle fall eit kjærleiksprosjekt. Ho handlar eigentleg om dei store tinga i livet.