– I helgane er det ofte ein Grandis og ein sekspakning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Studentane nedprioriterer fort matlaging

Saka er henta med velvilje frå Studvest.

– Før kjøpte eg ofte mat i kantina på Studentsenteret, for her er det billigare enn på psykologisk fakultet. Men no har eg litt meir tid, så eg lagar meir middag sjølv, seier psykologistudent Elin Doan.

Ho sit i kantina saman med ei venninne og et kjøtkaker. Når ho ikkje er på Studentsenteret på Nygårdshøyden i Bergen for middag, brukar ho ofte litt lettvinte løysingar med ferdig saus og frosne grønsaker.

– Eg brukte å lage middag med roomie, men no er ho blitt vegetarianar, seier ho.

– Internett skapar kokkar
– Studentkvardagen er jo ganske travel, så for mange blir nok matlaging nedprioritert. Og då vel dei den enklaste løysinga, nemleg å lage det same om igjen og om igjen, seier PR-manager i Foodora, Sophie Johnsen.

Selskapet Foodora leverer mat frå restaurantar på døra til folk. Mange av kundane er studentar. Trass i at dei bestiller mykje ferdigmat, trur Johnsen at studentar er ganske flinke til å lage mat når dei først vil, då det er masse informasjon å finne på nett.

– Ein kan bli god kokk på ein lett måte med internett, seier ho.

Foodora opna nylig i Bergen i november, men Johnsen kan bekrefte at det allereie er stor popularitet blant studentane.

– Folk kjem heim frå skule, jobb og trening, og orkar ikkje å lage mat, eller gå ut for å ete mat. Då er det lettvint å få Foodora på døra, seier ho.

LES OGSÅ: Studentane var leie av å leite etter konsertar på nett. Dette gjorde dei for å finne fram enklare

Sekspakning og ein grandis
Morten Heggernes jobbar på Coop Extra i Håkonsgaten, der flesteparten av kundane er studentar. Han ser at studentar er blitt flinkare og har meir fokus på sunn kost no, og trur det handlar mykje om fokus på helse og kropp blant unge.

– Vi sel ein stor andel frukt og grønt til studentane. I dag er det større fokus på kva ein et og korleis ein ser ut, seier Heggernes.

Men det er ikkje berre sunne produktar som blir kjøpt i butikken av studentar – dei sel óg mykje ferdigrettar frå frysedisken, særlig i helgane.

– I helgene er det ofte ein Grandis og ein sekspakning. Vi ser mykje av det, seier han.


Morten Heggernes ser at studentar kjøper masse frukt og grønt, men og at mange studentar har eit behov for søte ting i løpet av heile veka. Foto: Toril Sunde Apelthun / Studvest

Anne Marie Milde, spesialist i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen (UiB), er ganske sikker på at dei unge studentane som nett har flytta heimefrå går for dei kjappe løysingane. Og at det med ernæringsmessig riktig kosthold eller eit balansert kosthold er veldig framme i bevisstheten, men at vaner har masse med saken å gjere.

– Har dei med seg gode matvaner heimanfrå, så er det noko ein veldig ofte tar med seg sjølv om ein flytter åleine, seier Milde.

LES OGSÅ: Dette er mannen bak ISIS-tagginga på Høyden

– Alle har 24 timar i døgnet
Ifølge tall som Foodora har samla inn, føler over halvparten av dei unge i aldersgruppa 18 til 25 år at dei ikkje har tid til å lage mat heime. Men Heggernes frå Coop Extra meiner at ferdigmat er like tidkrevjande som å lage mat frå botn.

– Det handlar om kva ein ønskjer å bruke tid på. Det er ei vanesak og prioriteringar.

Han meiner at dei som er flinke på kosthald, og brukar minst tid på mat, er dei som skriv opp måltid for heile veka, og handlar inn alt. Det synest han tar kortare tid enn å handle noko nytt kvar dag, for så å varme ovnen, og varme pizzaen.

– Det tar eigentleg ikkje så masse tid å lage mat, legg han til.

Anne Marita Milde meiner óg at det har masse med interesse å gjere. Ho seier at om du har interesse for noko så har du tid, og at det har samanheng med motivasjon å gjere.

– Alle har 24 timar i døgnet. Det er ikkje annleis for studentane. 

Les meir på Studvest.no!