Hunden Fibi ammar katten Gerd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ammar katten Gerd

For sju år sidan besøkte Møre-Nytt Lena for å lage ei sak om at hunden hennar Fibi var matmor for ein liten flokk kattungar i heimen. No skal de få vite at denne ualminnelege snille hunden framleis oppfører seg som ei kattemor – og at katten med det vakre namnet Gerd – framleis tek seg til rette og forsyner seg av pattane til hunden når det måtte passa den fine dame. Og dei elskar det, både hunden og katten..

LES OGSÅ: Silja fann «Speedy» livlaus i doskåla

Snill
– Ja, dette er absolutt spesielt. Hunden er verdas snillaste, og Gerd oppfører seg som ein hund, fortel Lena Bratteberg med eit smil.

Ho har ein teori for kvifor katten elskar å suge pattane til hunden: Gerd var veldig lita då mannen til Lena, Stig, fann ho saman med to andre kattungar på loftet til Volda skyttarlag sitt lagslokale. Han skulle flytte nokre stillas og høyrde med eitt mjauing. Og så fann han kattungane, skrinne og forkomne. Kattemora var borte vekk.

Dyrekjær som han er, tok Stig med seg kattungane heim til Rystefeltet. Elles frykta han at dei kom til å stryke med.

Spente var familien på korleis Fibi ville reagere på at heimen plutseleg vart invadert av tre små kattar. Men frykta var grunnlaus: Fibi sette i eit gledeshyl med det same ho kom nær kattane. Og ho starta umiddelbart med å sleikje dei. «Her har eg fått tre på rappen, og dei er mine, berre mine», tenkte kanskje Fibi.

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu

Ansvar
Og snakk om å ta ansvar: Det gjekk berre to dagar før Fibi stilte opp og la seg på rygg med labbane til vers og mjølkespreng. Og dei fekk mjølk så det heldt. Kattane la raskt på seg og i dag er Gerd vaksen og driv altså framleis og kosar seg med pattane til Fibi. Lena har registrert at hunden produserer mjølk, men ho er usikker på om Gerd får i seg så mykje.

Berre ein gong har Fibi og Gerd hatt eit avbrekk, eller pause som kjærastar kan kalle det. Det var då hunden fekk kvalpar for fem år sidan. Det likte ikkje Gerd så veldig, og då heldt ho avstand til den mangeårige matmora.

– Men straks kvalpane var ute av huset, heldt Gerd fram som før, humrar Lena.