Høyr Side Brok si resirkulerte låt!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampanjen er utvikla saman med Grønt Punkt Norge som har fokus på gjenvinning av emballasje. Dette gjennvinningsfokuset vert vist gjennom å resirkulere og gi nytt liv til ulike låtar. Fleire kjende artistar er med på laget, mellom anna Kaveh, Timbuktu, Jaa9 og Onkl P. Frå 6. juni og utover sommaren vert sju låtar og musikkvideoar slept.

Kampanjen er utvikla saman med Grønt Punkt Norge som har fokus på gjenvinning av emballasje. Dette gjennvinningsfokuset vert vist gjennom å resirkulere og gi nytt liv til ulike låter. Fleire kjede artistar er med på laget, blant anna Kaveh, Timbuktu og Jaa9 & OnklP

Sjå videoen her!

Ingen tvil

Den resirkulerte låta til Side Bork har namnet «1,2,3 Fyre (Esso 2014)», og er den fjerde låta av totalt sju som har blitt resirkulert. Runar Gudnason i Side Brok seier dette i ei pressemelding om resirkuleringa:

– Det var ikkje mykje tvil om kven som måtte resirkulere denne ti år gamle sviska. Yoguttene fyrte opp romskipet, Basmo slo på alle knappane, og eg aktiverte cruise controllen – back to the Esso. Her luktar det bensin, drit og god stil. Takk for turen.

LES OGSÅ: Sjå alt frå Vinjerock!

Bidreg positivt

Resirkulert Lyd håper å kunne gje det unge urbane musikkpublikumet mange gode musikalske opplevingar, og samtidig bidra til å gjere folk oppmerksame på verdien av å bidra positivt til naturen sitt krinslaup.

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt