Hoppa i det vaksne

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har allltid hatt sterke meiningar om ulike ting. Når ein har det, trur eg det er viktig å starte ein plass og berre kaste seg i det, fortel Johanne Heggheim. 21-åringen er del av Høgre si kommunestyregruppe i Stryn og sit i tillegg i partiets  fylkesstyre i Sogn og Fjordane.

– Å sitje i kommunestyret er både kjekt og skummelt. Eg føler meg meir og meir heime i rollar, og lika rå sjå resultat. Så likar eg når det er litt usemje, for det er jo derfor vi er her.

Det ein trur på
– For meg er det viktig å stemme på det eg trur på sjølv, det merkar eg meir og meir, Heggeim. Så det gjer ho, om det handlar om innvandringspolitikk, der ho har eit meir liberalt syn enn moderpartiet. Om det handlar om kampen mot mobbing, om betre undervisningskvalitet  som er av hjartesakene, eller om skulesamanslåingar som ho er for. Ho føler det er lettast å verte engasjert i saker nær seg sjølv og som ho har kompetanse på.

– Bygging av eldresenter og omsorgsbustader er vanskelege problemstillingar, samstundes er det veldig fjernt og langt fram i tid for meg. Men når det kjem til skule er det motsett, det er to år sidan eg gjekk ut av vidaregåande og eg har skuledagane friskt i minne. Det gjev meg kompetanse på området og slik vert engasjementet stort.

LES OGSÅ: Greier ikkje å involvera ungdom

Alle har vore nye
Då Heggheim vart sett på lista framom kommunestyrevalet i fjor hadde ho ikkje lang fartstid korkje i ungdomspolitikk eller i partiet. 
– Eg har vore inne på tanken om å engasjere meg ungdomspolitisk, men då det er lite miljø for det her vart det like greitt å hoppe inn i det vaksne. 

I politikken har ho ikkje møtt nokon form for hersketeknikkar, men føler at ho har vorte møtt med respekt som ny og ung.

– Alle aksepterar at eg er fersk, dei har jo vore nye ein gong dei også, seier Heggheim, som meiner det er viktig å ha flinke folk rundt seg i kommunepolitikken.

LES OGSÅ: Slik påverkar du kommunen din

Studiane fyrst
Med studiekvardag på Lillehammer og 8-timers busstur heim, mykje å gjere på mange arenaer og mange sider med sakspapir, handlar det om å gjere så godt ein kan når det kjem til å få med seg alle møta.

– Studiane lyt gå fyrst og framom politikken, å verte jurist er sjølve draumen min. Eg må ta eit år om gongen i vervet, og skal eg ta eit eventuelt utanlandsopphald lyt eg nok ta permisjon.

Å setje studia fyrst er ikkje Johanne åleine om. I forskingsrapporten Unge Folkevalgte frå 2005, fann Marte Windsvold og Frode Berglund, at flytting for vidare utdaning var hovudårsaken til fråfallet hjå unge folkevalde. Medan det gjennomsnittlege fråfallet var på 49 prosent, valde heile 62 prosent av dei folkevalde mellom 18 og 25 år å ikkje ta gjenval.

– Praktiske årsaker er hovudgrunnen til at dei unge ikkje tek gjenval. Dei må ofte flytte på grunn av studiar og vervet tek mykje tid. Fråfallet er nok høgare også i sjølve perioden, forklarar Marte Winsvold, ved Norsk institutt for by- og regionforskning.

LES OGSÅ: Er demokratiet i fare?

Idealistar
Sjølv om dei unge følte dei hadde mindre påverknad enn dei hadde tenkt, følte dei likevel at dei fekk utretta mykje. Forskinga viste og at unge folkevalde stort sett opplevde vertvet som positivt.

– Eit av hovudfunna våre, var at dei unge gjekk inn i politikken med veldig idealistiske motiv og ynskje om å skape eit betre samfunn. Ein del følte nok frustrasjon over at ting går saktare enn dei hadde tenkt, forklarar Winsvold.

Sjølv om dei unge stort sett trivst i kommunestyra, føler nokre seg i nokon grad ekskludert av dei eldre. Men Marte Windsvold understrekar at dette ikkje er noko stort problem.

– Ungdommar som sit i kommunestyra er veldig sjølvsikre, så møter dei hersketeknikkar så tek dei opp kampen, avsluttar Windsvold.