Høie vil at du skal snakke om sex

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny strategi for seksualitet

Ny strategi for seksuell helse skal bidra til meir openheit og kunnskap om seksuell helse, og gjere det enklare å snakke om seksualitet.

– God seksuell helse er eit grunnleggjande behov hjå den enkelte, uavhengig av fysisk funksjon eller sjukdom. Vi må derfor tørre å snakke om seksualitet som ein naturleg del av den enkeltes helse, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.

Med strategien Snakk om det! Strategi for seksuell helse (2017-2022) vil ministeren motverke tabu og fordommar knytt til seksualitet.

– Vi har alle ei seksuell helse. God seksuell helse held oss friske og i trivsel. Dårlig seksuell helse gir tap av livskvalitet. Helsepersonell må difor ta opp dette temaet i møtet med pasienten, seier Høie.

– Del av kven vi er
Stine Nygård, styremedlem i Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom (SNU), meiner strategien er viktig fordi det ofte er i ung alder ein lærer at seksuell helse er privat, tabu og kanskje litt skamfullt.

– Seksualitet er ein integrert del av mennesket, ein del av kven ein er, og det må vi kunne snakke om, seier ho.

Strategien samlar for første gang arbeidet med å redusere uønska svangerskap og å forebyggja HIV i ein felles strategi.

Viktige mål er å legge til rette for god seksuell helse i hele befolkninga, og synliggjere at seksualitet er noko som gjeld alle.


Stine Nygård er styremedlem i SNU, og er positiv til ein strategi som har som mål å få fleire til å snakke om seksualitet.

Digital satsing
Andre satsningsområde i strategien er å sikre at befolkninga har god kunnskap om seksuell helse. Regjeringa vil blant anna samordne ulike digitale tenester retta mot ungdom. Ungdom bruker digitale helsetilbod aktivt, og det er viktig at barn og unge enkelt kan få svar på spørsmål dei har om seksualitet, kropp og grenser.

Nygård skulle ønske at strategien også inneheld ei satsing på pornografi.

– Dei aller fleste tenåringar er innom pornografiske nettstader i ganske ung alder. Dette er ikkje i seg sjølv problematisk, men om vi let pornografi eksistere i et vakuum – dersom vi ikkje vågar å snakke om det – då kan det ha uheldige konsekvensar, seier ho.

LES OGSÅ: Er intimkirurgi eigentleg så farleg?

PS! Strategidokumentet opnar med ei diktliknande innleiing, Snakk om kraft, der Høie mellom anna fortel om sine erfaringar frå seksualundervisninga. God lesnad!