≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Høgre, sidemål

Høgre: Framleis nei til sidemålskarakter

Noregs Mållag er skuffa.

Svein Olav B. Langåker
laurdag 11. mars 2017 11.22

Høgre: Framleis nei til sidemålskarakter Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen leia programkomiteen til Høgre, og fekk fleirtal for å ikkje ha eigen sidemålskarakter i programmet. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen, Høgre

Noregs Mållag er skuffa over at landsmøtet til Høgre ikkje gjekk inn for å sikre nynorsken gjennom eigen karakter i sidemål.

Likevel er Mållaget glad for at nynorskopposisjonen markerte seg godt på landsmøtet, og at fylkeslaga i både Hordaland og Sogn og Fjordane denne gongen leverte gode framlegg for framleis å ha sidemålsundervisning og karakter.

– Eg synest det er underleg at eit parti som så tydeleg snakkar om kunnskap i skulen, er i stand til å føreslå at 85 prosent av elevane ikkje skal få kunnskap i skriftleg nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Når fleirtalet i Høgre vil fjerne sidemålet, fjernar dei kunnskap om kulturarv, identitet, språk og kultur både frå bokmåls- og nynorskelevar. Det er også slik at dei over 75 000 elevane i grunnskulen som veks opp med nynorsk hovudmål, treng å møte til dømes lærarar, prestar, juristar som også kan nynorsk. Høgre sin politikk fjernar denne kompetansen frå samfunnet, held Aasbrenn fram.

LES OGSÅ: Røe Isaksen: – For lite nynorsk i riksmedia


Oppdatert: søndag 12. mars 2017 17.21
Kommentarar



 
ANNONSE: