Ho er tidenes yngste i Parlamentet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidenes yngste i Parlamentet

20-åringen Mhairi Black er berre ein av dei store overraskingane ved valet i Storbritannia førre veke.

Etter eit overraskande val i Storbritannia førre veke har David Cameron og Dei konservative fått eit reint fleirtal i parlamentet, og Cameron driv no og set saman si regjering. Dei konservative, også kjend som Toryane, gjorde eit brakval. Suksessen deira, saman med det sterke valet frå Scottish National Party (SNP), gjorde også at heile tre partileiarar såg seg nøydd til å gå av etter skuffande resultat. Det var Ed Miliband, Labour-leiaren som utfordra Cameron, Nick Clegg, den tidlegare visestatsministeren, og UKIP-leiaren Nigel Farage.

Test deg sjølv – kva kan du om britisk politikk?

Den største oppsvingen fekk SNP, mykje grunna folkeavstemminga om skotsk sjølvstende i fjor haust. Det gjorde at mellom andre Mhairi Black, yngste parlamentsmedlem sidan i alle fall 1800-talet, fekk setet sitt.

– Ærleg talt, då me starta trudde eg det var veldig liten sjanse for å vinna, men me skulle i det minste gi dei ein god kamp og gjera SNP markert i valkrinsen, sa Black til The Guardian etter sigeren over Labour-representanten Douglas Alexander.

I intervjuet med The Guardian seier ho at veljarane ho har snakka med ikkje har hengt seg opp i den unge alderen – det er mest noko journalistar er interessert i, seier ho.

– Folk tok det eigentleg ikkje opp då me banka på dører. Folk er meir interessert i om eg kjem til å gjera jobben, og jobba for dei. Dei bryr seg ikkje om estetikken til den personen som gjer det, seier Black.

I dag er ho i Parlamentet for andre gong i livet – og før ho tek ordentleg til med jobben må ho fullføra eksamen.

LES OGSÅ: The Guardian: Største overrasking sidan 1945